Høgste punkt: ca. 375 m.o.h.
Startsted: Søvik
Tid: 30-45 min
Parkering: Vetegarasja
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted:Gamlemshaugen
Tid: 30-40 min
Kan kombineres med:Gamlemsveten, Tverrbotshornet, Hagefjellet, Reinhausen
Lettaste tilkomst til Søvikvarden er å starte ved vetegarasja. Ein følger då vetevegen opp til rasteplassen (ca. 25-30 min ved normal gange). Ta så av til venstre og følg råsa i nokren minutt til du treff på Norborg si postkasse. I staden for å gå tilbake same veg så kan ein fortsette nedover til pensjonistvegen. Det blir då ei fin runde som tek ca. 1 time ved normal gange.
Søvikvarden sett frå “pensjonistvegen”.
Dersom ein startar ved vetegarasja har ein to valg. Ein kan ta til venstre å gå pensjonistvegen eller fortsette på vetevegen. I det siste tilfellet så går ein opp til rasteplassen og tek ned til venstre. Ved normal gange tek det ca. 25-30 minutt opp til rasteplassen og vidare nokre få minutt ned til Norborg si postkasse.
Postkassa står plassert bak ein stor stein.
Ein kan også gå opp ved Niklaelva frå pensjonistvegen. Terrenget kan då vere noko fuktig i begynnelsen.