Fjellturar

Rundt om i fjellområda våre har Norborg si trimgruppe plassert utover 22 fjellposter. På desse postane kan du sanke poeng til Norborg sitt fjelltrimmerke. Kvar einskild post gjev poeng frå 1-5 utifrå turlengde. Ved å samle poengsum på 36 eller meir er ein kvalifisert til dette merket. Barnefamilier treng berre 26 poeng.

Startkort og kart får du hjå Coop og Spar i Søvik, eller hos medlemmar i trimgruppa.

Dei brunraude prikkalinjene på kartet er råser.

  1. Gjersetvatnet
  2. Grytavatnet (OBS. 2 postar)
  3. Terøytoppen
  4. Bjørnøya
  5. Skulstadhornet
  6. Litlehornet
  7. Hagefjellet
  8. Kvarven
  9. Søvikvarden
  10. Grytavatnet (OBS. 2 postar)
  11. Søvikvatnet
  12. Høgefjellet (Uføret)
  13. Kjerringane
  14. Brendenakken
  15. Høgstølen
  16. Urkedalsvatnet
  17. Breiskarvatnet
  18. Tverrbotshornet
  19. Gamlemsveten
  20. Storehornet
  21. Reinhausen
  22. Hesten – sør