Norborg kjempa seg til tre viktige poeng i lokaloppgjeren mot Ravn på Ravn stadion torsdag kveld. Nikolas Fjørtoft sende heimelaget i føringa etter få minutt, men Norborg tok gradvis over kampen og la press på heimelaget. Dryge kvarteret før pause viste Eirik Vågnes fram sin slepne teknikk og la inn framfor mål. Der hadde Ravn tilsynelatande kontroll, men rota det til og ei klarering traff Nicholas Kvammen sin fot og ballen trilla over streken. Norborg hadde trykket, men sleit med å skape dei store sjansane heilt fram til overtida starta. Då vippa Tarjei Urkedal ballen inn framfor mål der Nikolai Jensen kom stupande fram og heada ballen i nota. 1-2 til pause. Heilt fortent etter dette laga viste fram. Norborg gjekk aggressivt til verks etter pause og eit kvarter ut i omgangen stuper Nikolai Jensen nok ein gong fram og header inn ein corner. Nikolas Fjørtoft, som var Norborg sin toppscorar i 2017, nekta å gi opp og skapte ny spenning med å sette eit frispark i mål tjue minutt ut i omgangen. Ravn var det førande laget etter reduseringa mot eit stadig meir slitent gjestelag. Ei 2-3 sjansar vart skapt, men Norborg haldt unna og kunne til slutt juble. Norborg har hatt god form i det siste og tatt 13 poeng på sine 6 siste kampar. Totalt har det blitt 17 poeng på 15 kampar. Det gir førebels 7. plass på tabellen med fem kampar igjen å spele.
Les meir..