Toppkamp mot Langevåg


Torsdag kl. 1830 tek Norborg/BIL2 turen til Langevåg for sin første matchball i kampen om opprykk. Med siger er opprykket i boks og laget kan kose seg i dei tre siste kampane. Kos har det likevel vore mykje av i haust med tanke på dei mange storsigrane. Kampen mot Langevåg blir annleis enn dei andre. Medan ein i haust har fått vore dominant i alle faser av spelet, så er Langevåg av eit anna kaliber og vil både forsøke, og vere i stand til å gjere noko produktivt med ballen.

Kampen i vår var jamn der Norborg drog i lang ein 3-2 siger i ein relativt sjansefattig kamp der laga hadde kvar sin omgang. Vi ser ikkje bort i frå omtrent same kampbilete denne gong, men vi føler Norborg har fleire strengar å spele på no enn då. Magnus Austbø Seth (2) og Elling Mikal Kalvø scora den gong. Sistnemnde har ikkje spelt i haust og vil ikkje vere med denne gong heller, men Seth er klar for å fortsette si scoringsrekke. Han har no scora i fem strake kampar. Ein som tidlegare i haust scora i seks strake kampar, Tarjei Urkedal, er ikkje med denne gong. Elles vil troppen vere omtrent den same som mot Skodje sist veke.

Langevåg har kniven på strupen og må vinne sine fire siste for å ha sjanse til å rykke opp, samstundes som ein er avhengig av andre resultat. Det vil seie, Blindheim må tape mot Langevåg og ein anna kamp. Langevåg hadde ein svak vår, men har kome sterkt i haust. Ein av grunnane til det er Simon Vågnes. Med han tilbake på laget fekk dei den målscoraren dei mangla i vår. Sju mål på seks kampar har det blitt i haust på Vågnes. Han er dermed Langevåg sin toppscorar.

Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)
Assistentar: Viktor Lillebø Rongve (SIF/Hessa) og Thomas Johan Olsvik (Rollon)

Andre kampar:

Ellingsøy – Blindheim
Viktig kamp for begge. Ellingsøy i botnen og Blindheim i toppen. Om ikkje Ellingsøy går meir defensivt ut så trur vi på omtrent same kampbilete som då Norborg var på besøk. Det endte i utklassingssiger til gjestane. Klar bortesiger.

Hovdebygda – Herd2
Topp mot botn her også, men vi spår ein jamnare kamp sjølv om Hovdebygda vann 4-0 i det motsette møtet, og er normalt gode på si lille kunstgrasbane. Knapp heimesiger.

Skodje – Volda2
Det endte uavgjort i Volda og kan fort gjere det no også. Skodje er i svak form og har tre strake tap. Volda2 har to tap på rad etter den overraskande sigeren over Blindheim. Det gjer at dei fortsatt ikkje har sikra plassen. Vi hadde heilgardert på tippekupongen, men må nøye oss med U her på sida.

Sæbø – Fjørtoft
Uavgjort endte det motsette oppgjeret i denne kampen også. Fjørtoft er i langt betre form no, men møter ein motstandar dei slit mot. Det er dermed ein veldig open kamp og vi fryktar at Sæbø sender Fjørtoft ned. H.

Stranda – Guard
Stranda gjer det godt mot laga på nedre halvdel og vann også med klare siffer sist dei møtte Guard. Gjestane har mest å spele for, men greie Stranda å hanskast med Joakim Bendal, så vil det bli heimesiger.