Tapte for Hødd2

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 4-3 av Hødd2 på Hareid KGB laurdag ettermiddag. Hødd2 la grunnlaget for sigeren med ein god 1. omgang og leia 2-0. NB2 var meir med etter pause, men langt frå det nivået ein viste mot Emblem, Herd og Lusitano. Fredrik Hurlen reduserte til 2-1 eit par minutt ut i 2. omgang, men Hødd2 auka raskt til 3-1. Per-Kristian Helle Hildre reduserte til 3-2 kvarteret før slutt, men Hødd2 svara raskt. Fedrik Hurlen reduserte på ny to minutt før slutt og var også åleine med keeper på overtid utan å lykkast. Dermed ein fortent 4-3 siger til Hødd2.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Jonas Holmeset (PerKristian Grytten Søvik, 57), Tor Abelseth, Nikolai Jensen, Siver Davik, Eirik Vågnes (Ole Johan Urke, 57), Gard Rogne, Ruben Holmeset (Anders Toven, 57), Thomas Aarsund – Fredrik Hurlen, Ådne Hellandsvik (Per-Kristian Helle Hildre, 57).