Tabelltips 4. divisjon


Denne veka startar endeleg 4. divisjon. Tolv lag stiller til start med håp om å innfri eller å overraske. Dei fleste peikar på Bergsøy som favoritt, med Rollon og Hødd2 som dei fremste utfordrarane. Norborg/Brattvåg2 blir spådd alt frå topp 4 til nedrykk. Spennande skal det i alle fall bli. Her kjem vårt tabelltips.

1. Bergsøy

Bergsøy var berre målskilnaden unna å rykke opp i fjor. Har satsa hardt i 10 år, men aldri greidd å tatt steget opp som ein topp 5 klubb på Sunnmøre. I år ser det derimot veldig lovande ut. Har henta Magnus Myklebust i frå Hødd og han vil utgjere ein frykta duo saman med fjorårets toppscorar Franjo Tepuric. Etter to år på 2. plass i divisjonen trur vi det endeleg er klart for opprykksjubel i Fosnavåg sjølv om treningskampane har vore litt varierande.

2. Rollon

Rollon har jobba godt i mange år etter at klubben stod utan lag på slutten av 90-talet. Har ein rutinert og god stall, og krydra den med Kenneth Diallo i vinter. Får Rollon i gong den målfarlege spelaren så blir dei kvite og blå veldig vanskelege å slå. Var nær ved å slå Herd ut av cupen i mars. Vi trur Rollon blir best av laga bak Bergsøy og tek 2. plassen.

3. Volda

Volda skuffa litt i fjor med sin 4. plass. Har fått ny trenar i Lars Petter Rønnestad. Vinterens kampar starta svakt, men har etter kvart fått maskineriet i gong. Ein 2-1 siger over Bergsøy i generalprøva viser det. Treningskampar og seriekampar er likevel to forskjellege ting. Vi trur Volda greier å kome blant dei tre beste, men skal ha mange marginar med seg for å ta steget opp på øverste trinn.

4. Valder

Valder var like suverene i 5. divisjon 2017 som våre gutar var i fjor. Styrte inn til ein trygg 8. plass i sin comeback sesong i 4. divisjon. Har i vinter forsterka laget med å blant anna henta heim Erlend Synnes Skjong frå Herd. Vi trur Valder blir å finne i toppen av årets 4. divisjon og står klar til å ta ein pallplass om Volda eller Rollon svikter.

5. Hødd2

Hødd har hatt store problem både økonomisk og i leiinga. Har ein tynn A-stall og det vil også gå utover 2. laget. Gjekk stort sett av bana som slakt i divisjonen over i fjor, og avlyste fleire treningskampar tidlegare i vinter på grunn av mangel på folk. Har tradisjonelt hatt mykje talent, så vil nok ta plass på øvre halvdel, men skal få det tøft med å blande seg inn i den ypparste opprykksstriden i år. 5. plass trur vi.

6. Ørsta

Ørsta leverte ein god sesong etter opprykket året før og tok 7. plassen. Vi har ikkje sett Ørsta sidan 2016, men legg til merke at Knut Erik Myklebust har utvikla seg til å bli ein habil spiss. Med 13 mål kom han på 4. plass på toppscorarlista i fjor. Har leverte brukbare treningskampar i vinter og bør kunne styre inn til ein plass på øvre halvdel. 6. plass trur vi.

7. Norborg/Brattvåg2

Norborg/Brattvåg2 var suverene i fjorårets 5. divisjon, men denne divisjonen held eit heilt anna nivå. Vi trur likevel vårt lag vil takle overgangen godt, ikkje minst sidan ein har Brattvåg i ryggen. Har mange unge spelarar med fart og teknikk, og med innslag frå Brattvåg sin A-stall så skal oransjetrøyene bli vanskelege å slå. Vil nok variere i prestasjonane, men ein plass på øvre halvdel er innan rekkevidde om ein unngår skader på sentrale spelarar.

8. SIF/Hessa
Tradisjonsrike Skarbøvik fusjonerte med Hessa framfor fjorårssesongen. Fekk då ein pangstart med tre strake sigrar, men det vart etter kvart tøffare og tapte sine fire siste. Ein 6. plass var likevel respektabelt, men no har storscorar Nils Ottar Sandø lagt fotballskoa på hylla for godt. Kven skal fylle det tomrommet? Vinterens kampar har vore ujamne. Fekk bank av Blindheim, men slo Volda ut av NM. Vi er veldig usikre kvar SIF/Hessa står i år, men trur dei går mot ein tøffare sesong i vente enn i fjor. Har likevel nok rutine til å stå i divisjonen.

9. Larsnes/Gursken

Larsnes/Gursken har i fleire år kjempa på nedre halvdel. Vi trur ikkje det endrar seg i år sjølv om Steffen Moltu kom heim frå Hødd, men det kan vere nok til å unngå den verste botnstriden og nærme seg midten av tabellen. Har nokre rutinerte og gode spelarar, men kven skal score måla? I fjor vart rutinerte Anders Vaagen toppscorar med fattige 5 mål. Det er ikkje så mykje å skryte av, og om laget frå Sande ikkje har ein storscorar i ermet, så blir det 9. plass.

10. Emblem

Emblem leverte ein sterk fjorårssesong med 3. plass, og var for første gong inne blant dei ti beste laga på Sunnmøre. Trenar Sindre Knutsen har fått jobba i fred i mange år og bygd opp eit direktespelande og fysisk sterkt lag. Hadde i fjor rutinerte spelarar som Finn Alvestad, Didrik Fløtre og Thomas Gjøsund. I år har Alvestad lagt opp, medan ting tyder på at Gjøsund finn seg ein anna klubb i nærleiken. Fløtre på si side har slutta å score mål. Laget har heller ikkje overbevist i vinterens treningskampar. Vi trur Emblem skal få slite i årets sesong.

11. Blindheim

Blindheim hadde ein pangstart på fjorårssesongen og sikra seg då ei så stor luke på Langevåg at dei haldt unna sjølv om forma etter kvart vart litt meir varierande. Ser ut til å få inn rutinerte Thomas Gjøsund frå Emblem, og det vil gi Blindheim eit løft. Hadde ein romantisk spelestil i fjor og vil nok bli hardt straffa på dette nivået om dei held fram med det. Fekk juling av Norborg i begge kampane i fjor, men har kanskje tatt den lærdomen med seg til 4. divisjon. Det blir botnstrid på Blindheim.

12. Hareid

Hareid tapte sine fem første og tre siste i fjor, men greidde mellom der å skrape saman nok poeng til å stå i divisjonen. Har eit ungt mannskap som nok kan overraske i enkelte kampar. Må stole på at Ruben Kenneth Brandal held seg skadefri om ein skal halde følge med dei andre laga. Den tidlegare Hødd-spelaren er ein kvalitetsspelar på dette nivået. Likevel, vi blir overraska om Hareid står i divisjonen.

Vi minner også om at du kan sette opp ditt tabelltips her.