Det jobbast iherdig med fleire prosjekt for å fylle hallen med utstyr og få dei siste brikkane i byggeprosessen på plass. Det er då med stor glede at vår lokale bank tildelte oss fantastiske 350.000,- i Teft-midlar denne uka. Midlane skal brukast til møbler og inventar, og med spesielt fokus på det med tilrettelegging for samlingsplass for ungdomen i hallen.
– Vi har stor tru på at dette vil bli ein viktig plass for barn og unge i regionen framover. Det er særs imponerande å ha fått følgt prosjektet som no realiserast, og ha sett det frivillige arbeidet som leggast ned for å skape denne arenaen. Hallen, aktivitetane som vil skapast der og dei positive ringverknadane den vil medføre for barn og ungdom i Søvik og regionen rundt er akkurat dei prosjekta vi ønsker å treffe med våre Teftmidler, seie banksjef Rune Fjørtoft.
– Vi takker for bidraget og skal gjøre vårt ytterste for å forvalte gåva til det beste for hallen og regionen vår. Det jobbast hardt med flere interessante prosjekt som skal bidra til at alle dei brukarane som venter i spenning på å skal få tatt hallen i bruk skal få ein plass å vere stolt av og få enorm glede av uttaler byggherren Norborg Anleggsutvikling AS.
Les mer om Teftmidler her: https://www.sbm.no/samfunnsansvar/teft/teft-midler/