Fire runder gjenstår i 5. divisjon, og slik ståda er no så er det i botnen spenninga er størst med fire lag som kjempar om to ledige plassar. I toppen er det meir sjø mellom båtane. Norborg/Brattvåg2 har festa eit solid grep med sine 8 strake sigrar, medan Blindheim har plukka nok poeng til å halde Langevåg på avstand. Langevåg skal møte både Norborg/BIL2 og Blindheim på heimebane og kan skape spenning med sigrar her, men det spørs om det er nok til å kome seg opp på opprykksplass. Vi har sett på laga sitt gjenståande kampprogram.
Norborg/Brattvåg2 44 poeng
Langevåg (b)
Hovdebygda (h)
Stranda (b)
Guard (h)
Norborg treng poeng mot Langevåg, eller tre poeng i dei tre siste kampane for å nå målet om opprykk. Komande kamp mot Langevåg er den tøffaste, men heimekampar mot Hovdebygda og Guard, samt bortekamp mot formsvake Stranda skal normalt gi poeng. Vi tek ingenting for gitt, men vi trur Norborg passerer 50 poeng for første gong i klubbens historie og er tilbake i 4. divisjon.
Blindheim 40 poeng
Ellingsøy (b)
Skodje (h)
Langevåg (b)
Hovdebygda (h)
Blindheim har 5 poengs forsprang på Langevåg i kampen om den andre opprykksplassen. Skal normalt vinne sine to komande kampar mot Ellingsøy og Skodje og er då klar for opprykk om ikkje Langevåg vinn over Norborg. Bør uansett sikre opprykket med heimekamp mot Hovdebygda i siste kamp sjølv om “bøgda” er eitt av tre lag som har slått Blindheim i år. Vi trur Blindheim tek minst 49 poeng og rykker opp.
Langevåg 35 poeng
Norborg/BIL2 (h)
Volda2 (b)
Blindheim (h)
Fjørtoft (h)
Langevåg har vist god form i haust, men tapet mot Hovdebygda for nokre veker sidan øydela mykje. Har eit tøft program med Norborg og Blindheim, men heldigvis for Langevåg er det heimekampar. Må vinne sine fire gjenståande for å ha håp om å rykke opp. Det er sjølvsagt mogeleg, men vi trur Langevåg er i 5. divisjon også i 2019.
Hovdebygda 29 poeng
Herd2 (h)
Norborg/BIL2 (b)
Volda2 (h)
Blindheim (b)
Hovdebygda har tatt 9 av 9 poeng mot Langevåg og Blindheim, men rotar vekk alt for mange poeng mot laga på nedre halvdel til å vere med i kampen om opprykk. Har eit tøft program igjen og ikkje anna enn æra å spele for. Endar på 32-35 poeng.
Skodje 29 poeng
Volda2 (h)
Blindheim (b)
Fjørtoft (h)
Ellingsøy (b)
Dei fleste som ser Skodje utanfrå vil nok seie dei overpresterte i vår med sin 3. plass. Då hadde dei marginane med seg og avgjorde mange jamne kampar. Hausten har blitt meir normal og dei tre beste laga har hekta av Skodje. Kjempar no om 4. plassen. Dei møter tre svakare plasserte lag på tabellen, men to av dei er desperate etter poeng, og eit lag som Fjørtoft framstår no som eit betre lag enn Skodje. Taper kampen mot Blindheim, men plukkar nok poeng til å behalde 5. plassen.
Stranda 27 poeng
Guard (h)
Herd2 (b)
Norborg/BIL2 (h)
Volda2 (b)
Stranda er eit anna lag som har hatt ein svak haust og blitt hekta av i tetstriden. Skal normalt slå Guard, men vil ikkje vere favorittar i dei tre siste kampane. Endar på 30-31 poeng.
Volda2 24 poeng
Skodje (b)
Langevåg (h)
Hovdebygda (b)
Stranda (h)
Volda2 er normalt gode heime, men gjekk på ein smell mot Ellingsøy sist. Det gjer at plassen ikkje er heilt trygg om fire lag må ned (skjer om Herd rykker ned frå 3. divisjon). Har ikkje det tøffaste programmet igjen og skal normalt sikre ein plass blant dei 7 beste.
Ellingsøy 21 poeng
Blindheim (h)
Fjørtoft (b)
Sæbø (b)
Skodje (h)
Tok ein vital siger mot Volda2 sist. Får det tøft mot Blindheim i komande kamp, og det blir ikkje lett å få med seg poeng på ei våt grasbane på Fjørtofta. Kampen Fjørtoft-Ellingsøy er ein nøkkelkamp i botnstriden. Får Ellingsøy med seg poeng i den kampen så kan 22 poeng vere nok til å ta 9. plassen, som gir ståplass om berre eitt sunnmørslag går ned frå 3. divisjon. Taper Ellingsøy mot Fjørtoft så står dei med begge bein i botnstrid framfor dei to siste kampane. Det er borte mot allereie nedrykksklare Sæbø og heime mot Skodje. Vi trur Ellingsøy mobiliserer og tek nok poeng til å sikre 9. plassen.
Herd2 19 poeng
Hovdebygda (b)
Stranda (h)
Guard (b)
Sæbø (h)
Vi finn det merkeleg at Herd2 berre har tatt 19 poeng på 18 kampar og står i botnstrid med begge bein. Har på papiret eit enkelt program igjen. Komande kamp er den tøffaste på Hovdebygda si lille kunstgrasbane. Her er heimelaget favoritt, men i dei tre siste kampane bør det bli tre sigrar. Reddar dermed plassen med 28 poeng.
Guard 17 poeng
Stranda (b)
Sæbø (h)
Herd2 (h)
Norborg/BIL2 (b)
Guard tok ein overraskande siger mot Hovdebygda sist og har dermed eit reelt håp om ståplass. Må vinne sine to komande kampar mot Stranda og Sæbø, for dei står ovanfor to tøffe kampar på slutten. Vi trur Guard er tilbake i 6. divisjon i 2019.
Fjørtoft 15 poeng
Sæbø (b)
Ellingsøy (h)
Skodje (b)
Langevåg (b)
Fjørtoft har plukka bra med poeng i haust og vi ser ikkje bort i frå at dei kan vinne sine tre komande kampar. Det må dei også gjer for å behalde plassen, for bortekamp i Langevåg i siste kamp skal ikkje gi poeng. Sist gong Fjørtoft var i Sæbø vart det tap 6-2 i fjorårets KM-kamp. Greidde berre 2-2 mot dei på heimebane i vår. Det blir tøft å plukke tre poeng. Tøft blir det nok også mot Ellingsøy, men har heimefordel, og spelar for spelar er Fjørtoft betre enn både Sæbø og Ellingsøy. Om vi skulle velge ein 11-ar frå Fjørtoft og Skodje så hadde vi nok valgt ein spelar meir frå Fjørtoft, men likevel vil vi halde Skodje som knappe favorittar til å vinne. Skodje vann 2-1 på Fjørtofta, men då var Skodje i flytsona. Det blir jamt og tøft i denne kampen også. Tek Fjørtoft 9 poeng og endar på 24 poeng? Nei, vi trur ikkje det.
Sæbø 7 poeng
Fjørtoft (h)
Guard (b)
Ellingsøy (h)
Herd2 (b)
Sæbø er allereie nede og kan førebu seg til å vinne sin 11. KM-tittel og dermed ta over tronen åleine som Sunnmøre sin mestvinnande klubb (Skarbøvik har også 10 KM-titlar frå 1963). Sæbø møter alle dei andre botnlaga i innspurten. I vår plukka Sæbø 4 poeng på desse 4 kampane. Vi skal ikkje utelukke at det skjer igjen, men motstandarane vil nok ha eit heilt anna tenningsnivå sidan dei må vinne. Vi trur likevel ikkje Sæbø vil tape samtlege fire. Så kven trekk det uheldige loddet? Fjørtoft og Ellingsøy er med sine temposvake forsvar mot raske Holen favorittar til det.
Vurdering: Norborg/Brattvåg2 og Blindheim rykker opp. Guard, Fjørtoft og Sæbø rykker ned.