Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Stranda til sin siste bortekamp for året. Vi har mange gode minner frå Stranda stadion. Det var her vi i 2003 tok vår første siger i 4. divisjon på 20 år, og det var her vi i den 17. serierunda i 2008 vann 1-4 og krabba opp på 2. plass bak nettopp Stranda. Norborg vart seinare krinsmeister i 4. divisjon, medan Stranda sprakk og ramla ned til 4. plass i ein særs jamn divisjon. Norborg vann divisjonen på betre målskilnad enn Herd og Bergsøy. Stranda var to poeng bak. Norborg vann også 0-3 i april 2010 etter to mål av Ole Johan Urke og eitt av Geir Ove Grønli, men det er også den siste sigeren Norborg har over Stranda. Tre uavgjorte i Uggedalen og eit 2-1 tap på Stranda er behaldninga, samt eit bittert tap i NM-kvalifiseringa etter ekstraomganger i 2011. Det er på å tide å vinne!
Vårens møte på Uggedal stadion var spesielt. Norborg dominerte lenge banespelet utan å score, så scora Stranda tre mål på dei siste ti minutta av omgangen og la på til 0-4 like etter sidebyte. Norborg gav likevel ikkje opp å redda poenget minuttet før full tid. Siden den gong har Norborg vunne samtlege ti!
Stranda er nok det fysisk sterkaste laget vi møter i 5. divisjon. Her er det meir Strandaskinke enn Grandiosa som har stått på bordet. Heldigvis så framstår også Norborg som eit betre fysisk lag i år enn i fjor, men det er langs bakken dei oransje må gjere jobben. For tempoet i kroppen skal vere langt betre enn Stranda sitt.
Norborg vann sist 8-1 over Hovdebygda, men må likevel løfte seg eit par hakk om det skal bli poeng i denne kampen. Både Jepser Vos, Gard Rogne og Thomas Aarsund mangla i den kampen. Dei to førstnemnde er tilbake frå sine skader, men ein vil mangle fleire spelarar frå sist. Kristoffer Søviknes, Nikolai Jensen, Anders Toven, Tobias Faksvåg og Ruben Holmeset vil alle mangle av diverse årsaker. Eit par andre spelarar slit med nokre småskader, men blir venteleg klar til torsdag.
Stranda tapte sist 4-0 for Herd2, og eit lag som har tapt stort er alltid farleg å møte. Dei er også divisjonens 3. beste heimelag. Tobias Hjelle er Stranda sin toppscorar med 13 mål, medan Kristupas Prismantas har 10.
Vi skal respektere, men ikkje frykte Stranda. For på ein normal dag skal alle poenga heim til Haram. Vi satser på siger i det 20. seriemøtet mellom laga.
Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF)
Assistentar: Lars Ove Sletta (Langevåg) og Harald Ullahamar (Ellingsøy)
Tidlegare møter Norborg-Stranda:
2018: 4-4 / x-x
2016: 3-3 / 1-2
2010: 1-1 / 3-0
2008: 2-2 / 4-1
2007: 1-4 / 2-4
2006: 3-2 / 0-5
2004: 1-0 / 0-2
2003: 2-1 / 3-1
1981: ?-? / 0-1
1976: 1-2 / 0-5