Knepent tap mot SIF/Hessa

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 1-2 av SIF/Hessa på Uggedal KGB ikveld. Gjestane tok leiinga ved Dani Ramsy Suleiman 5 minutt ut i kampen. Martin Fylling Koch utlikna på straffe før kvarteret var spelt. 1-1 stod seg til pause. Tjue minutt før slutt fall avgjersla då Mathias Kristensen Sandø sette ballen i nota. SIF/Hessa har dermed fått ein god start på sesongen med 6 poeng av 6 moglege. Norborg får overnatte på 2. plass fram til resten av runda spelast fredag.