Ravn – Norborg2 3-3

Ravn – Norborg2 3-3 (3-2)
Ravn KGB, 20.06.11

Sjansar: 11-6 / cornere: 2-5

1-0 Knut Egil Lid (3)
1-1 Skjalg Volstad (10)
1-2 Skjalg Volstad (17)
2-2 Eivind Grøtt Ulla (37)
3-2 Sjølvmål (43)
3-3 Adrian Håbet (50)

Ravn var nærmast sigeren i måndagens lokalderby mot Norborg sitt 2. lag, men keeper Joakim Kjærstad let seg ikkje overliste etter pause og redda eitt poeng då heimelaget pressa på dei siste tjue. Elles ville Ravn langt meir enn eit særs tafatt Norborg-lag.

Norborg2 stilte med eit på papiret sterkt 2. lag i nabooppgjeret mot Ravn, men innsatsen var ikkje til stede og berre keeper Joakim Kjærstad hindra eit flautt tap.

Ravn kom best i gong og var nær 1-0 allereie i det 2. speleminutt då Knut Egil Lid kontra på venstrekanten og fann Dag Ruben Midsund på 16 meteren, men han kunne ikkje overliste keeper Kjærstad. Minuttet etter er det Lid sjølv som får avslutte åleine med keeper, og denne gong gjeng ballen i mål.

Norborg2 sleit med stor strekk i laget og mykje ballkjæling i sitt offensive spel dei første ti minutta, men ti minutt ut i kampen kom Alexander Eide seg rundt på høgrekanten og fann Skjalg Volstad på straffemerket. Storskyttar Volstad klinka ballen i nota til 1-1. Norborg2 fann etter kvart formasjonen og tok over kampen. Nokre minutt etter utlikninga får så Skjalg Volstad sjansen igjen etter ein flikk frå André Larsen. Volstad let seg ikkje be to gongar å sette ballen inne ved lengste stolpe frå spissen av fem-meteren. Norborg2 har snudd kampen til 1-2.

Norborg2 verkar å ha kontroll på kampen, men i dei siste ti minutta vaknar Ravn til liv. Først nikkar Eivind Grøtt Ulla inn 2-2 på eit langt frisparkoppspel. Norborg2 vil ha offside, men utan linjemenn så ropte ein forgjeves. Like før pause kjem raske Thomas Aarseth seg rundt på høgrekanten og finn Jan Even Drønnesund framfor mål. Han og keeper har kommunikasjonsproblem og det fører til at Drønnesund sette ballen i eige mål. Dermed 3-2 til Ravn i ein jamn omgang.

Norborg2 starta 2. omgang best og fem minutt ut i omgangen putter Adrian Håbet ballen i mål frå kloss hald etter eit innlegg frå Kristian Søviknes. Norborg2 er også nær leiing på eit nytt innlegg frå Søviknes, men Alexander Eide headar utanfor frå 3 meter.

Etter denne opninga dabbar Norborg2 av og slit mot aggressive ravningar då vart det godt å ha reaksjonssterke Joakim Kjærstad i mål. Han stod verkeleg fram dei siste tjue minutta då Ravn spelte seg fram til to dobbeltsjansar og ein stor sjanse til Stian Gribbestad. Men enten stod Joakim i vegen eller så trefte ein tverrliggjar. Dermed enda det 3-3, slik som sist to herrelag frå Ravn og Norborg møttast i seriespel, for 11 år sidan.

Keeper Joakim Kjærstad var Norborg2 sin beste spelar. Han varta opp med fleire gode redningar. Imponerande av 21-åringen som vel ikkje har stått ein 11-ar kamp på eit par år.

Neste kamp for Norborg2 er heime mot Skodje onsdag 29. juni kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Furnes, Jan Even Drønnesund, Audun Mikalsen, Marius Gamlem – Adrian Håbet (Trym Nyland, 75) (Nikolai Ulvestad, 87), Kristian Søviknes, Skjalg Volstad (K. Gamlem, 75) – André Larsen, Kenneth Gamlem (Bjørnar Engeset, 46), Alexander Eide (Alf Røren).