Ørskog – Norborg2 10-4

Ørskog – Norborg2 10-4 (6-1)
Ørskogbanken stadion, 29.08.11

Sjansar: 17-6 / cornere: 4-5

Det vart målrikt på Ørskog si kunstgrasbane måndag kveld. Molde brukte 43 sekund på si første scoring i går. Ørskog var langt betre med sine 20. Heimelaget var særs effektive det første kvarteret og scora fire mål på fire sjansar før ein slakka på tempoet og Norborg2 fekk vere med på leiken. André Larsen reduserte ved halvspelt omgang, og Norborg2 hadde eit par store sjansar til å nærme seg heimelaget før pause. Men i stede for ny redusering er det Ørskog som scorar to gongar å leiar 6-1 ved pause. Torgeir Garshol reduserar ti minutt etter pause før måla rann inn med tre mål på åtte minutt for dei blå. Norborg2 greidde å tette igjen betre etter dette, men kunne ikkje unngå tosiffra. Ole Johan Urke pynta på resultatet med to mål.

Laget: Henrik Åkre (Noralf Gamlem, 46) – Marius Gamlem, Kristian Furnes, Torgeir Garshol, Ole Henrik Hildrestrand – Johan Stavik, André Larsen, Alf Røren, Ole Johan Urke (Peter Elias Grytten, 89) – Alexander Eide (Per Kristian Stavik, 60), Peter Elias Grytten (Knut Øyvind Grytten, 30).

Kristian Furnes måtte ta over som keeper i 2. omgang då Henrik Åkre fekk seg ein alboge i hovudet like før pause.