Norborg2 – Stordal 2-19

Norborg2 – Stordal 2-19 (1-7)
Uggedal kgb, 05.09.11

Sjansar: 4-26 / cornere: 3-12

0 – 1 ( 3) Sindre Holtleite 0 – 2 ( 5) Kristoffer Joranger 0 – 3 ( 9) Sindre Holtleite
0 – 4 (17) Petter Aksel Kirkebøe 0 – 5 (23) Thomas Kirkebøe 0 – 6 (25) Hans Martin
Homlong 1 – 6 (37) Peter Elias Grytten 1 – 7 (42) Jørgen Tøsse 1 – 8 (46) Petter Aksel
Kirkebøe 1 – 9 (50) Petter Aksel Kirkebøe 1 – 10 (51) Sindre Holtleite 1 – 11
(57) Sindre Holtleite 1 – 12 (59) Geir Marius Øie 1 – 13 (63) Sindre Holtleite
1 – 14 (69) Sindre Holtleite, straffe 1 – 15 (70) Thomas Kirkebøe 1 – 16 (73)
Thomas Kirkebøe, straffe 1 – 17 (74) Andreas Kirkebøe 1 – 18 (81) Sindre Holtleite
1 – 19 (82) Petter Aksel Kirkebøe 2 – 19 (86) Sjølvmål

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Raudt kort: Per Kristian Stavik (Norborg2)

Stordal haldt leikestove med Norborg sitt 2. lag måndag kveld og påførte oransjetrøyene sitt største tap gjennom tidene. Norborg2 stilte redusert og hang ikkje med aktive stordalingar. Dette er Stordal sin største siger gjennom tidene. Det er likevel langt opp til Gjerdsvika sin 33-0 siger over Baufil 25. september 2004.

På kretstinget i desember 2008 valde fleitalet av klubbane på Sunnmøre å stemme for kretsstyret sitt forslag om å fjerne 6. divisjon og opprette fleire avdelingar i 5. divisjon. Norborg stemte i mot dette, og valde ein månad seinare å ikkje melde på 2. laget sitt i 5. divisjon. Men, eit par år seinare så hadde ein så mange herrespelarar i senioralder at ein måtte melde på eit 2. lag i 5. divisjon. I mange av kampane har laget greidd seg godt, men på hausten så slit ofte små klubbar med færre spelarar og resultata blir der etter. Ein lang sesong har slete på Norborg sin stall, og sist måndag opplevde ein å ha mange spelarar borte i sentrale posisjonar. Ein vart dermed for første gong resultatmessig skikkeleg råka av kretsen sitt vedtak om å ha 5. divisjon som lågaste divisjon.

Stordal stilte med både svolten ungdom og god rutine. Spelarar som over heile fjøla er vande med å spele 11-ar fotball og trenar 2-3 gongar i veka. Norborg2 stilte med spelarar som knapt har spelt på ei 11-ar bane, old boy’s spelarar og enkelte som slenger innom ei trening eller to i månaden. Vi ante før kampen starta at her var det kvalitetsforskjell og at det kunne bli stygge siffer.

Tre minutt tok det før ballen trilla i mål bak debutant Johnson i Norborg2-målet. 0-2 kjem eit par minutt etter, og 0-3 kom før ti minutt var spelt. Stordal fortsette å score mål, men på stillinga 0-6 kjempa Peter Elias Grytten med seg ballen inn i 16 meteren og scora åleine med keeper. Stordal får likevel siste stikk i 1. omgang då dei kontrar inn 1-7. Med assistentdommarar på plass hadde nok dette blitt avvinka for offside. Av dei 8 måla som vart scora før pause så var faktisk norborgarar sist på 4 av dei. Likevel, 1-7.

Om 1. omgang var svak for Norborg2 sin del, så skulle det bli mykje verre etter pause. Både Audun Mikalsen og Knut Øyvind Grytten måtte gi seg i pausa, og Norborg2 stod utan innbyttarar. Audun si rutine i forsvar vart eit stort sakn, og Stordal scora mål etter mål. Norborg la om til 5-4-1 i håp om å unngå 20 baklengs. Heldigvis så roa Stordal seg litt og scora berre tre mål dei siste 16 minutta. Då hadde også Norborg2 blitt redusert til ti mann ettersom Per Kristian Stavik vart vist det raude kortet etter to gule. I sluttminutta greidde ein også å score kampens siste mål då Marius Gamlem knalla ballen inn i feltet og ein stordaling sette den i eige mål. Dermed 2-19. Norborg2 sitt største tap i historia, medan Stordal jubla for sin største siger gjennom tidene.

Norborg2 møtte denne kvelden ein motstandar av ein heilt anna kaliber. Når ein så også får særs enkle mål i mot i begynnelsen så blir ikkje kampånda betre. Konklusjonen er at desse to laga aldri burde ha spelt i same divisjon. 6. divisjon burde ha blitt oppretta frå sommaren av så vi kanskje hadde unngått slike siffer. For av dei 55 kampane i 5. divisjon avd. 3 som vart spelt før sommaren, enda 10 av dei med sigrar på fem mål eller meir. På dei 22 kampane som er spelt etter ferien, så har 7 enda med 5 målssigrar eller meir. Kvalitetsforskjellen blir altså større om hausten når slitasjen på stallane er større.

Laget: Julius Johnson – Noralf Gamlem, Christian Søvik, Audun Mikalsen (Nikolai Ulvestad, 46), Marius Gamlem – Johan Stavik, Amund Terøy (Per Kristian Stavik, 10), Bee, Alf Røren, Knut Øyvind Grytten (Daniel Brusdal, 46) – Peter Elias Grytten.