Norborg2 – Ørskog 0-2

Norborg2 – Ørskog 0-2 (0-1)
Uggedal KGB, 18.05.11

Sjansar: 1-13 / cornere: 1-7

0-1 Bjørnar Kvamme (24)
0-2 Bjørnar Kvamme (90)

Ørskog styrte store delar av kampen, men hadde problem med å sette sjansane. Bjørnar Kvamme vart blåtrøyene sin helt med eitt mål i kvar omgang.

Norborg2 hang overraskande godt med i starten av kampen og fekk ein del ballkontakt, men gradvis tok Ørskog over kampen å starta å skape sjansar. Målet kom like etter halvspelt omgang då Bjørnar Kvamme vart spelt fri. Med linjedommer hadde nok Kvamme blitt avvinka, men dommar fekk ikkje med seg offsiden og Kvamme scora sikkert åleine med keeper.

Ørskog fortsette å styre kampen etter pause, men effektiviteten var ikkje god nok samstundes som det vart gjort ein del feil val utanfor Norborg sin 16 meter. Då vi kom i det 90. minutt noterte vi Norborg2 sin første sjanse, men Kenneth Gamlem sitt forsøk vart redda av keeper. På overtid trygga Ørskog poenga då Frank Abelseth spelar fri Bjørnar Kvamme og keeper Hånde må kapitulere.

Norborg2 kan gå av bana med heva haud. Laget hadde berre med seg tre spelarar som har fått speletid på A-laget i vår og stilte dermed svakare enn i dei tidlegare kampane. Keeper Kenneth Hånde får bestemannsprisen i dag, med Audun Mikalsen som ein god nummer to.

Laget: Kenneth Hånde – Ole Henrik Hildrestrand, Audun Mikalsen, Kristian Furnes – Trym Nyland (Nikolai Ulvestad, 83), Steffen Grytten (AmundTerøy, 78), Kristian Søviknes, Alf Røren (Per Kristian Stavik, 65), Marius Gamlem (Noralf Gamlem, 52) – Johan Stavik, Kenneth Gamlem.