Norborg2 – Ellingsøy 2-3

Norborg2 – Ellingsøy 2-3 (1-1)
Uggedal KGB, 12.05.11

Sjansar: 9-8 / cornere: 18-7

1-0 Stian Myklebust (35)
1-1 Tommy Skotte (45)
2-1 Kenneth Gamlem (54)
2-2 Kjetil Kalvatn (55)
2-3 Kjetil Kalvatn (64)

Norborg2 måtte til slutt sjå seg slått av naboen i sør, men hadde fortent betre. Heimelaget skapte mange store sjansar i 1. omgang, men måtte likevel nøye seg med 1-1 etter at gjestane utlikna to minutt på overtid. 2. omgang vart langt jamnare. Norborg2 tok føringa på nytt, men Ellingsøy utlikna få sekunder etter. For tidleg ette regelboka. Norborg2 sine spelarar hadde nemleg ikkje kome seg tilbake på eigen halvdel. Dommaren ropte først stopp til Ellingsøy før han ropte OK, spel. Diverre vart det mål på angrepet og med protest så hadde nok Norborg2 fått omkamp slik som Alta-Nybergsund i fjor. Litt seinare avgjer Elingsøy kampen til sin fordel. – Vi spelar under pari i dag og er heldige som får med oss tre poeng, sa Ellingsøy-trenar Rolf Hansen etter kampen.

Norborg2 starta kampen best og kom seg til eit par gode sjansar dei første ti minutta. Spesielt fann ein store rom på Ellingsøy si høgreside og Johan Stavik kom seg til mange innlegg. Det skulle likevel gå 35 minutt før ballen låg i nota då Stian Myklebust puttar ein corner frå Kristian Søviknes.

Ellingsøy løfta seg i banespelet og to minutt på overtid kom utlikninga. Eit frispark vart slått inn i feltet, Kenneth Hånde får handa på ballen, men kan ikkje hindre at Tommy Skotte sette returen i mål. Bittert for Norborg2 som var det beste laget i denne omgangen.

Knappe ti minutt ut i 2. omgang tek Norborg2 leiinga på nytt då Kenneth Gamlem stangar i mål eit innlegg frå Steffen Grytten. Så skjer det som ikkje skal skje. Ellingsøy tek eit lynraskt avspark medan fleire av Norborg2 sine spelarar er på Ellingsøy sin banehalvdel. Dommaren ropar først stopp før han likevel let spelet gå vidare. Ikkje etter regelboka, og diverre så fører dette til at Kjetil Kalvatn sette inn 2-2.

Få minutt seinare blir Norborg2 snytt for straffe då Peter Elias Grytten blir felt. Dommar oversåg tre klare straffesituasjonar i denne kampen. To til Norborg2 og eitt til Ellingsøy. Dryge timen spelt så får Kenneth Gamlem ein identisk sjanse som på 2-1 målet, men denne gong gjer keeperei glimrande redning. I staden for 3-2 er det Ellingsøy som utnyttar ei tabbe i Norborg2 sitt forsvar og Kjetil Kalvatn sette inn sitt andre og Ellingsøy sitt tredje mål for dagen.

Norborg2 prøvar å kome tilbake, men gjer mange dårlege val og greier ikkje å skape store sjansar etter målet. Kampen ebbar dermed ut med 2-3 til Ellingsøy.

Dommar uttalte etter kampen at han ville støtte ein protest av Norborg og få kampen spelt på nytt, men Norborg kjem ikkje til å nytte seg av dette grunna hardt kampprogram.

Laget: Kenneth Hånde – Ole Henrik Hildrestrand, Audun Mikalsen, Steffen Grytten, Kristian Furnes (Johan Stavik, 84) – Johan Stavik (Trym Nyland, 28), Stian Mykebust, Kristian Søviknes, Martin Løken Lie – Peter Elias Grytten (Alf Røren, 58), Kenneth Gamlem.

Andre resultat:
Stordal – Emblem 4-0 – Imponerande av Stordal å vinne med store siffer over avdelingsfavoritten som no har to tap på tre kampar.
Lepsøy – Skodje 4-4 – Lepsøy som vanleg vanskelege å slå ute på øya.
Ørskog – HaNo 4-0 – Favorittsiger på Sjøholt.
Harøy – Ravn 3-1 – Ikkje noko overraskande at Harøy vinn på heimebane.