Norborg2 – Brattvåg2 4-2 (2-1)
Uggedal KGB, 22.08.11
Sjansar: 8-9 / cornere: 4-9
0-1 Oddmund Davik Otterlei (28)
1-1 Audun Mikalsen (39)
2-1 Per Kristian Stavik (45)
3-1 Daniel Brusdal (55)
3-2 Øyvind Sundnes (80)
4-2 Nikolai Ulvestad (90)
Dommar: Norvald Helge Lausund (Lepsøy)
Norborg2 vann lokalderbiet mot Brattvåg2 etter først å ha kome under då Oddmund Otterlei fyrte av frå distanse. Diverre for gjestane var det eit kostbart mål. Otterlei skada seg i skotaugenblinken og måtte transporterast bort i ambulanse. Truleg var det korsbandet som rauk. Norborg2 snudde kampen før pause etter lite heldige inngripener av Brattvåg2 sin keeper. Daniel Brusdal aukar til 3-1 ti minutt etter pause. Brattvåg2 pressar store delar av 2. omgang, men kjem ikkje nærare enn ei redusering av Øyvind Sundnes. På overtid punkterer ungguten Nikolai Ulvestad kampen med eit perfekt straffespark.
Måndag kveld var det lokalderby mellom Norborg og Brattvåg sine 2. lag. Gjestane frå Brattvåg var favorittar før start, men heimelaget med sin innsats skulle vise seg som dei beste.
Norborg2 kom best i gong og berre gode redningar frå keeper Holger Tovås hindra mål då Johan Stavik og Marius Gamlem fekk kvar sin sjanse i løpet av dei første ti minutta. Brattvåg2 tok etter dette over kampen og fekk kontroll over midtbana. Like før halvtimen spelt så tek Brattvåg2 leiinga då Oddmund Otterlei fyrer av frå distanse. Norborg2 sin keeper Lise Mari Hildre får fingertuppane på ballen, men kan ikkje hindre at den fyk i nota. Diverre for Brattvåg så skadar Otterlei seg i skotaugenblinken. Heldigvis for Otterlei var det mange fysioterapeuter i Uggedalen denne kvelden så han fekk god hjelp.
Etter denne ufrivillege pausa på fem minutt tok Norborg2 over kampen. Dryge fem minutt før pause utliknar vertane då Stian Myklebust skyt ifrå 17 meter og treff hovudet til lagkamerat Per Kristian Stavik. Ballen hamnar inne på 5 metershjørnet der Audun Mikalsen er kjappast i reaksjonen og sette ballen bak ein passiv keeper. På overtid av omgangen forfølge Per Kristian Stavik eit oppspel som går inn til keeper. Han ser ut til å ha kontroll, men glepp så ballen ned i føtene til Stavik som enkelt puttar i tomt mål. 2-1 til Norborg2. Greitt nok til pause.
Brattvåg2 opnar best i 2. omgang, men utnyttar ikkje sjansane sine. Det gjer heimelaget etter ei opprulling frå venstre til høgre inne i straffefeltet. Ballen havnar til Daniel Brusdal som kaldt sette ballen i mål. Brattvåg2 har eit spelemessig overtak, men sette berre i enkelte høve Lise Mari på prøver. Ti minutt før slutt reduserer likevel Øyvind Sundnes til 3-2 frå kloss hald. Brattvåg2 har ballen i sluttminutta, men Norborg2 kontrar og skapar problem for gjestane. På overtid så blir Eirik Fjørtoft utvist då han grisetaklar Johan Stavik og får sitt andre gule kort på kort tid. Like etter blir Johan felt igjen. Denne gong innafor straffefeltet. Banens yngste, Nikolai Ulvestad, får æra av å ta straffa. Det gjorde han med den største sjølvfølge og klinka den knallhardt inne ved stolpen. 4-2, og Norborg2 kan juble for tre poeng.
Laget: Lise Mari Hildre – Marius Gamlem, Torgeir Garshol, Jan Even Drønnesund, Ole Henrik Hildrestrand – Johan Stavik, Stian Myklebust, Alf Røren, Kristian Furnes – Audun Mikalsen, Kenneth Gamlem. Nytta innb.: Per Kristian Stavik, Amund Terøy, Daniel Brusdal, Nikolai Ulvestad.
Juryen ga denne gong 3 poeng til Audun Mikalsen, 2 til Stian Myklebust og 1 til Lise Mari Hildre.
Sigerslaget:B.f.v. Alf Røren, Per Kristian Stavik, Børt Tore Marthinussen, Marius Gamlem, Torgeir Garshol, Kenneth Gamlem, Johan Stavik, Kristian Furnes og Stian Volstad. F.f.v. Nikolai Ulvestad, Amund Terøy, Ole Henrik Hildrestrand, Lise Mari Hildre, Stian Myklebust, Daniel Brusdal, Jan Even Drønnesund og Audun Mikalsen.