Harøy – Norborg2 3-6

Harøy – Norborg 3-6 (2-3)

0-1 Kristian Søviknes (str. 2min)
0-2 Martin Løken Lie (9min)
0-3 Alf Røren (15min)
1-3 Stian Harnes (21min)
2-3 John Andreas Husøy (41min)
2-4 Noralf Gamlem (63min)
3-4 Stian Harnes (67min)
3-5 Johan Stavik (70min)
3-6 Martin Løken Lie (90min)

Norborg pangopna på ei god grasmatte på Harøy. Etter femten minutt så hadde heimelaget sin keeper måtte sjå tre ballar i nota bak seg, og nokre opplagte sjansar som vart spolert. Harøy heva seg frå midten av omgangen då den tidligare Moldestjerna John Andreas Husøy entra bana.

Alt etter to minutt så var bortelaget i leiinga. Martin Løken Lie vart lagt i bakken, og straffa vart sikkert ekspedert i mål av Kristian Søviknes. Nokre minutt seinare så roper ein nok ein gong på straffe etter at Bjørnar Engeset blir utsett for ein “Harøyplog”. Dommaren dømmar fordel, og Martin Løken Lie si avslutning blir redda på streken av eit romsdalshovud.

Det skulle likevel ikkje ta lange tida før leiinga vart dobla. Etter fleire hjørnespark der bortelaget er millimeter frå mål på hodestøyt av Alf Røren så er det Trym Nyland som viser klasse på kanten. Sideforsvararen blir parkert, innlegget hoppar Kristoffer Søviknes over og på bakerste styrer Martin Løken Lie ballen ned i hjørnet.

Alf i farta

Kvarteret ut i omgongen viser Trym på nytt overblikk og speleforståing: Ved fleire alternativ for gjennombrot så trer han igjennom Alf Røren som nettar sikkert åleine med keeper. Ei pangopning av dei oransje, og Harøy er nøydd til å ta grep.

John Andreas Husøy entrar bana, og Harøy legg umiddelbart om til 4-3-3 og høgt press. Det likar Norborg dårlegare, og ein får plutseleg ikkje tid til å kjæle så mykje med ballen som ein ønskjer. Først stel ein heimespelar ballen på midten. Åleine med keeper skårar Stian Harnes sikkert. Like før pause reduserar dei på nytt, og spenninga er til å ta å føle på når laga tek pause.

Kontringsstyrke avgjer

I andre omgang så greier ikkje Harøy å oppretthalde presset frå slutten av andre omgong og Norborg har bra kontroll på kampen. Innimellom så kjem heimelaget til nonokreen sjansar, men Kenneth Hånde reddar det som kjem med sin gode reaksjon.

Når ein halvtime står att av kampen så begynner Norborg og produsere sjansar som skal gje mål. Først så plukkar heimelaget sin keeper opp eit tilbakespel. Frisparket chippar Kristoffer ballen på bakerste, der kjem Noralf Gamlem stupande gjennom lufta og i ekte “planker” stil så stuper han ballen i mål.

Stian Harnes vil ikkje være noko dårlegare, og minutter etterpå spring han igjennom eit sovande Norborgforsvar og reduserer til 3-4.

Stavik avgjer

Tjue minutt før slutt sett Johan Stavik nådestøytet i Harøy sitt poenghåp. Fossar gjennom heimeforsvaret, og vipper ballen elegant over keeper til øyredøvande jubel frå damene på tribuna.

På overtid sett Martin Løken Lie inn siste målet etter at keeperen slit med ballkontrollen.

Fortent siger til Norborg der laginnsatsen var det avgjerande.

Bjørnar Engeset gjer ein god arbeidsinnsats og Kjell Terje Brusdal ryddar bra opp i forsvar. Pluss til Torgeir Garshol for eit strålande slått hjørnespark, og til Trym Nyland for tre målgivande pasningar. Neste utfordring er Ravn om 14 dagar.

Dommar Bjarte Steinsbu dømte ein god kamp, og leia den under ein fin og myndig tone.

Laget: Kenneth Hånde – Bjørnar Engeset, Torgeir Garshol, Kjell-Terje Brusdal, Marius Rogne – Kristian Søviknes, Alf Røren, Stian Myklebust – Trym Nyland, Kristoffer Søviknes, Martin Løken Lie.
Innb.: Per Kristian Stavik, Noralf Gamlem, Nikolai Ulvestad, Johan Stavik, Peter Elias Grytten og Marius Gamlem.

*** Bjørnar Engeset
** Kjell-Terje Brusdal
* Trym Nyland