HaNo – Norborg2 3-2

HaNo – Norborg2 3-2 (1-2)

0-1 Per Kristian Stavik
1-1 Sindre Longva
1-2 Amund Terøy
2-2 Sindre Longva
3-2 Michael Austnes

To minutt før slutt avgjorde heimelaget ein jamn kamp mot gjestane frå Norborg. Per Kristian Stavik gav gjestande leiinga etter 3 minutt etter frispeling av bror Johan. Sindre Longva kvitterte for heimelaget etter eit fantastisk innlegg frå Kristian Kalvøy, før Trym Nyland viste same klasse på andre side å fann Amund Terøy foran mål.
Etter pause så heva HaNo spelet sitt, og med comebackkid Kennet Ulla som spiss så kom dei seg til sjansene som snudde kampen. Rett før utlikningsmålet så var bortelaget nær 1-3 når Stian Myklebust sitt langskudd traff innsida av stolpen og ut. Preben Lorgen og Audun Mikalsen måtte begge ut med skade for gjestane når 20 minutt gjenstod, og det gjorde desverre oppgaven litt for tøff for dei som stod igjen i sluttminutta. På Norborg2 hadde vi i dag to debutanter. Stian Volstad spelte sin første kamp sidan 1997, medan Daniel Brusdal spelte sin første kamp sidan starten av 2000-tallet. Best på Norborg2 var Audun Mikalsen, Torgeir Garshol og Preben Lorgen. Dommer Odd Even Svindset dømte kampen.

Laget: Kennet Hånde – Kristian Furnes, Audun Mikalsen, Torgeir Garshol, Marius Gamlem – Johan Stavik, Preben Lorgen, Stian Myklebust, Trym Nyland – Stian Volstad, Per Kristian Stavik
Benken: Daniel Brusdal, Amund Terøy, Nikolai Ulvestad