Emblem – Norborg2 3-1 (2-1)
Ebbemyra, 04.07.11
Sjansar: 13-7
Norborg2 stilte med ein syltynn tropp i kveldens kamp mot Emblem, men beit likevel godt frå seg, ifølge trenar Kristian Søviknes. Det var også trenaren sjølv som stod for Norborg2 sitt mål då han dunka ballen i vinkelen på heil volley frå midtbana. Norborg2 stilte med berre 13 mann til kampen, og det førte blant anna til at førtiårstrioen Alf Røren, Noralf Gamlem og Kenneth Gamlem spelte fulle 90 minutt. Alf, som la opp i litt for ung alder i oktober 1996, hadde vel den gong ikkje trudd han skulle spele ein heil kamp mot Emblem i 2011.
Norborg stilte med ein liten men kompakt tropp til dagens tøffe bortekamp mot Emblem. Eit heimelag som har underprestert etter ein strålande vintersesong. Det største problemet for dei orange sin tropp var mangel på forsvarsspelere. Kun Kristian Furnes og Marius Gamlem er normalt å finne i eit forsvar, og begge desse er best på høgrebacken. Dermed så vart eit heilt nytt lagoppsett komponert, og Emblem sine supportera satt nok kaffien i vrangstrupa når dei såg spissen Cato Longva innta rolla som sweeper i 5-2-1-2 formasjonen som dei orange prøvde ut i første omgang.
Nær pangopning
Allerede etter førti sekund spel så er bortelaget nær leiing. Kristian Søviknes finnes Aleksander Eide i bakrommet, men han er mister litt kontroll på ballen i det han runder keeper slik at skuddet blir ufarligt.
Etter dette tar heimelaget over ansvaret for ballinnhavet, men dei orange er tålmodige og lar Aleksander Håskjold kjæle med ballen og heimelaget få trille på tvers og frem og tilbake. Likevel er det heimelaget som tar leiinga når dei kjem igjennom på venstresida, og sett ballen i lengste. Innimellom alt ballinnhavet til heimelaget så får bortelaget noen farlige overganger. Diverre så blir skudda frå Skjalg Volstad og Aleksander Eide litt i slappaste laget denne varme julidagen på Ebbemyra stadion.
Århundrets Norborg2 mål
Vel halvtimen ut i kampen så skal utlikninga være eit faktum. Ei klarering frå Emblem sitt forsvar har retning Kristian Søviknes på midten av bana. Han observerer at heimelaget sin keeper står 6-7 meter ut frå streken. Han bruker første berøring til å legge opp ballen før han med utsida av venstrefoten legg ballen i ei perfekt bue over keeper og ned i krysset. Dei fire Norborgsupporterane på sidelinja var i ekstase, medan Emblemspelerene ikke kunne tru kva som hadde truffet dei.
Noen minutt før pause så tar heimelaget på ny leiing. Norborg sin solide keeper gir retur på eit frispark frå 20 meter, og Emblemspeleren er først på returen.
Setter ikkje målsjansene
I andre omgang så produserer bortelaget noen gode sjanser, men det er heimelaget som skårer kampen sitt einaste mål på ei heading etter innlegg frå venstre midtveis i omgangen.
Før dette så har Kristian Søviknes hatt eit farleg frispark frå midtbana som heimelaget sin keeper får bokset til hjørnespark, Marius Gamlem er centimeter unna å heade inn ei utlikning på eit frispark frå Kristian Søviknes som i stede stryker utsida av lengste stolpe. Alf Røren, Kenneth Gamlem, Johan Stavik kombinerer fint i eit angrep, men avslutninga frå Per Kristian Stavik går like over målet. På slutten er Johan Stavik og Skjalg Volstad nære å få satt inn ei redusering, men får ikke heilt suksess i avslutningsøyeblikket.
Den siste halvdelen av omgangen så styrer heimelaget spelet mot slitne orange bein. Det vart mykje springing i dag, men dette er eit lag som vi fort kan ta tre poeng mot på heimebane. Fortent siger til Emblem i dag, men heimelaget bør nok øve på innlegg og avslutninger om haustsesongen skal bli ein sigermarsj mot 4.divisjon/5.divisjon.
God kamp av Cato Longva som var ein gigant i midtforsvaret i andre omgang, eit herligt mål skårte dei orange og ein finfin tunell frå Alf Røren på Alexsander Håskjold er det vi vil huske frå denne kampen når kampen blir diskutert på Kveldsro om 40 år.
God kamp av dommer Bjarte Steinsbu som delte ut eit gult kort til kvart lag etter to taklinger som var eit par tre minutt for seint ute.
Laget: Henrik Åkre – Noralf Gamlem, Marius Gamlem, Cato Longva, Kristian Furnes (Skjalg Volstad 83min), Johan Stavik (Trym Nyland 45min) – Alf Røren, Kristian Søviknes – Skjalg Volstad (Per Kristian Stavik 45min) – Kennet Gamlem, Aleksander Eide (Johan Stavik 65min)