Norborg2 – Ørskog2 7-1

Norborg2-Ørskog2 7-1 (3-0)
Ravn KGB, ca. 35 tilskodarar.
Mål: Skjalg Volstad 3, Amund Terøy, André Larsen, Geir Magne Grande og Adrian Håbet.

Norborg2 avslutta året med ein komfortabel 7-1 siger over Ørskog2. Amund Terøy gav dei oransje leiinga allereie i opningsminuttet. Det tok si tid før mål nr. 2 kom, men ti minutt før pause såg Skjalg Volstad at keeper var på ein liten skovtur og lobba perfekt i mål. Like etter dundra same mann inn 3-0. Etter pausen produserte Norborg2 sjanse på sjanse og auka jamnt og trutt til 7-0 før Ørskog2 fekk redusere på straffe. Dermed fekk Ravn-publikummet endeleg oppleve ein heimesiger på den perfekte bana si og laguttak-ansvarleg Sandra Larsen fekk ein flott debut. Norborg2 passerte Ørskog2 på tabellen og sikra seg 5. plassen.

Laget: Joakim Kjærstad – Noralf Gamlem, Kenneth Vegsund, Jan Even Drønnesund, Per Kristian Stavik – Adrian Holmeset, Adrian Håbet, Marius Gamlem – Frode Engeset, André Larsen, Amund Terøy. Innb.: Geir Ove Grønli, Skjalg Volstad, Bee, Alexander Holmeset, Geir Magne Grande og Martin Holmeset.

Langevåg2 vann 6. divisjon avd. 1 og er klar for 5. divisjon. I dag vart det 12-2 siger over Stranda2. Brattvåg2 vann 6-5 over Giske, men må ta til takke med 2. plass og kvalifisering mot Flø. Åheim er tidlegare klar for 5. divisjon.