Norborg2 – Lepsøy 1-3

Norborg2 gjekk på nytt tap
22-06-2008
Norborg2-Lepsøy 1-3 (0-1)
Uggedal stadion
0-1 Martin Farstad (13)
1-1 Geir Ove Grønli (68)
1-2 Erling Hawkes (74)
1-3 Frank Gjerde (76)

Laget: Kenneth Vegsund – Martin Holmeset, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell-Terje Brusdal, Kristian Furnes – Amund Terøy, Bee, Geir Ove Grønli, Eivind Fjørtoft – Edward Laverton, Ole Johan Urke. Innb.: Johan Stavik, Noralf Gamlem og Erlend York.

Norborg2 følte seg snytt for poeng i lokaloppgjeret mot Lepsøy. Eit feilaktig annullert mål for offside og to klare straffespark vart oversett. Likevel, ein hadde nok sjansar til å avgjere denne kampen til sin fordel, men utruleg nok fann ein berre nettmaskene ein gong på lovlg vis, iallfall ifølgje dommar. Lepsøy viste langt betre effektivitet og sikra seg dermed tre poeng mot sløve norborgarar. Stjerner:
*** Johan Stavik – kjem inn tidleg i 1. omgang og gjer ein solid innsats. Bra rørsle og initiativ.
** Kenneth Vegsund – Norborg2 stod høgt og då er det viktig med ein offensiv keeper. Sweepa glimrande og stoppa fleire Lepsøy-kontringar.
* Kjell-Terje Brusdal – rettar opp feil med farta si, men viser at det har blitt litt lite fotball dei siste vekene.