Pre-match: KM-kamp mot Sæbø!

Dei to neste laurdagane skal Norborg sitt 2. lag ut i kampar mot Sæbø om krinsmeisterskapstittelen for 6. divisjon Sunnmøre. Første kamp går heime på Uggedal stadion kl. 1400.

Norborg2 leia si avdeling frå start til slutt, og tok 1. plassen eitt poeng framføre Harøy etter å ha snudd 1-2 til 3-2 siger over Lepsøy i siste kamp. På 14 kampar vart det eitt tap. Imponerande av laget som stort sett har bestått av juniorar.

Sjølv om Norborg ikkje sparte spelarar i sist 4. divisjonsrunde med tanke på desse to KM-kampane, stille ein med eit bra lag. Ved sidan av dei faste 2. lagsspelarane er Stein Erik Reitan, Eirik York, Knut Ivar Bjørlykhaug og Steffen Grytten tilgjengeleg sidan dei var borte sist helg. Trenar Kristian Søviknes seie likevel at det er dei som har teke laget til KM-finalar som skal få spele. Over to kampar reknar vi likevel det er godt å ha så mange spelarar i bakhand.

Kva veit vi så om Sæbø?
Vi startar med å finne denne bygda på kartet. Det er nok dei færraste på dagens Norborg-lag som har satt sin fot på Sæbø. Ei bygd som ligg mellom høge fjell i Hjørundfjorden, i luftline omtrent midt mellom Stranda i aust og Ørsta i vest.