Norborg2 – Tomrefjord 9-0

Norborg2 – Tomrefjord 9-0 (2-0)
Treningskamp, Uggedal grus, 14.03.07

15 sjansar 2

Ole Johan Urke (45, str. 82, 88, 90)
Amund Terøy (64, 77)
André Larsen (28)
Bee (49)
Martin Grytten (67)

Dommar: Geir Ove Grønli (Kaupanger)

Snittalder: 20,8

Laget: Kristoffer Søviknes – Stein Erik Alvestad (Christian Søvik, 54), Kenneth Vegsund (Jan Even Drønnesund, 54), Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Engeset – André Larsen (Kristian Søviknes, 65), Bee, Erlend York – Ole Johan Urke, Kristian Furnes (Martin Grytten, 65), Skjalg Volstad (Amund Terøy, 54)

Norborg2 var det førande laget gjennom heile kampen, og tok ein fortent siger i regnet på Uggedal grus. Ein fekk dermed revansje for 3-4 tapet mot dette laget for ein månad sidan.

Etter å ha misbrukt eit par sjansar tok Norborg2 føringa på eit flott angrep like før halvtimen var spelt. Skjalg Volstad kom seg flott rundt på høgrekanten, og la ut til André Larsen som sette ballen presist i mål frå 16 meter. Etter målet kom ein svakare periode for oransjetrøyene, men i omgangens siste minutt får Ole Johan Urke ein gratissjanse etter tabbe i Tomrefjord-forsvaret. Urke gjer ingen feil åleine med keeper og klinka ballen i mål.

Norborg2 hadde god kontroll i denne omgangen og kunne raskt ha scora eitt mål eller to til.

I 2. omgang vart forskjellen på laga berre større og større, og Norborg2 fekk gjere nær sagt det dei ville. Bee sette inn 3-0 frå kloss hald. Amund Terøy sette inn 4-0 etter flott forarbeid av Kristian Furnes og Ole Johan Urke. Martin Grytten lobba elegant inn 5-0 før Amund sette inn 6-0 etter forarbeid av Erlend York. Urke sette inn sitt andre for dagen på straffe, før han laga både 8 og 9-0. Det siste etter retur frå keeper etter eit frispark av Kristian Søviknes.

Flott gjennomført kamp av Norborg2 der ein viste god angrepsfotball og kontant forsvarsspel.

Neste motstandar for Norborg2 er nabo Ravn om to veker, medan Tomrefjord skal måle krefter mot HaNo allereie laurdag på Brattvåg KGB.