Norborg2 – Sæbø 1-2

Tapte første KM-finale!

Norborg2 – Sæbø 1-2 (0-0)
KM-finale 1. kamp, 6. divisjon, Uggedal stadion, 20.10.07

6 sjansar 4
7 hjørnespark 3

1-0 Stein Erik Reitan (44)
1-1 Stein Erik Reitan (sm. 51)
1-2 Stig Myklebust (67)

Dommar: Christer Jensen (AaFK)

Raudt kort: Stein Erik Alvestad (80)

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Engeset – Eirik York (Erlend York, 56), Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli, Skjalg Volstad (Martin Grytten, 63) – Martinus Grytten (Amund Terøy, 81), Kristian Furnes (Kenneth Vegsund, 74).

I første KM-finale måtte Norborg2 sjå seg slått 1-2 av Sæbø. Heimelaget hadde dei fleste og største sjansane i ein kamp som var prega av mange feilpasningar og feilval.

Dei få tilskodarane som møtte opp til denne KM-finalen fekk sjå ein lite underhaldande første halvtime. Norborg2 hadde ballen mykje, men greidde ikkje å skape sjansar mot eit kompakt gjestelag. Presisjonen i dei avgjerande framspela var også for svak til at keeper Kristoffer Valseth i Sæbø-buret vart sett på dei store prøvene. Sæbø på si side skapte null og niks.

Tvilsam annullering
Eit kvarter før pausen får Eirik York den første verkelege sjansen då han finn seg sjølv åleine med keeper Valseth, men avlutninga vart for svak og keeper reddar. Eirik plukkar sjølv opp returen og sette den i mål frå svært skrått hald. Alle trur det står 1-0, men assistendommar ville det annleis og vinkar for at ballen har vore over kortlinja. Dermed annullert mål. – Heilt feil, sa Eirik York etter kampen.

Store sjansar
Kampen opnar seg no opp, og nokre minutt seinare får Sæbø sin toppscorar Marius Riise sjansen frå 15 meter, men greier ikkje å overliste keeper Kurt Erik Grytten. Minuttet etter spelar Martinus Grytten igjennom Kristian Furnes, men heller ikkje Kristian greier å overliste keeper.

Minuttet før pausen tek så Norborg2 føringa i kampen på ein lur corner. Det er Stein Erik Reitan som tek med seg ballen inn i straffefeltet og klinkar ballen i mål. 1-0, og fortent Norborg2-leiing til kvila.

Bom og bom
To minutt ut i 2. omgang får Norborg2 ein dobbelstjanse til å auke leiinga. Skjalg Volstad er først på eit innlegg frå venstre, men keeper får avverja. Returen går ut til Kristian Furnes, som frå 7 meter smeller ballen rett på keeper Valseth.

Uheldige “Humre”
I staden for at Norborg2 scorar rett veg, er ein uheldige å sette ballen i eige mål etter ein corner. Dermed er laga like langt. Kampen etter pausen er langt meir jamn enn før, og spesielt Espen Frøland på Sæbø si midtbane får dominere mot stilleståande norborgarar. Tjue minutt ut i omgangen skal Kristian Furnes gi heimelaget leiinga då han blir flott spelt fri av Martinus Grytten, men Kristian vel kraft i staden for presisjon, og skotet frå 12 meter fyk utafor.

Nytt cornermål

Eit par minutt etter får Sæbø corner. Ballen blir slått inn og hamnar ved bakerste stolpe der Stig Myklebust header gjestane i føringa. Norborg2 prøver å kome tilbake i kampen, men får stor strekk i laget og er lite presise i avleveringane. Sæbø får nokre overgongar, men er også for upresise til å skape sjansar. Ti minutt før slutt får Stein Erik Alvestad sitt andre gule kort og blir utvist. Sæbø har initiativet i sluttminutta og er nær 3-1 ved Terje Øye, men Kurt Erik Grytten reddar godt.

Ikkje på nivå
Norborg2 var langt unna det nivået ein har vore på i år, og det var tydeleg at enkelte mangla kamptrening. Likevel, ein hadde god kontroll på Sæbø i over ein omgang, og berre svake avslutningar hindra at ein leia med meir enn 1-0. På slutten skal ein likevel vere nøgd med at ein berre tapte med eitt mål. Då gjekk nemleg det meste mot Norborg2.

Innsatsen må betydeleg opp i neste møte komande laurdag. Få spelarar var oppe på normalt nivå i denne kampen. Stein Erik Reitan jobba godt lenge, men vart sliten på slutten. Elling Mikal Kalvø får også godkjent, medan Kurt Erik Grytten hadde eit par særs viktige redningar som gjer at håpet om KM-tittel fortsatt lever. På Sæbø var vi mest imponert over Espen Frøland på sentral midtbane og Stig Myklebust saman med Marius Strandmann i midtforsvaret. Keeper Valseth var også heldig og god i mål.

Returmøtet er førstkomande laurdag kl. 14 på Sæbø.

Kampforløp:
0-15: Norborg2 med eit lite initiativ, men kjem seg ikkje til klare sjansar. Sjansar: 0-0
16-30: Keisamt i Uggedalen. Ingen av laga greier å skape noko, men NIL2 har ballen mest. Sjansar: 0-0
31-45: Kampen opnar seg opp og berre gode målvakter hindrar meir enn eitt Norborg-mål. Sjansar: 3-1
46-60: Norborg2 har ballen mest, men Sæbø yppar seg. Sjansar: 1-1
61-75: Kampen står og bikkar. Mange feilpasningar. Sjansar: 1-1
76-90: NIL2 med stor strekk i laget og får ein mann utvist. Sæbø presser på i sluttsekunda. Sjansar: 1-1