Norborg2 – Ravn 4-0

Norborg2 – Ravn 4-0 (1-0)
Treningskamp, Uggedal grus, 28.03.07

10 sjansar 5
5 cornere 4

1-0 Kenneth Vegsund (29)
2-0 Skjalg Volstad (57)
3-0 Tarjei Gjerset Urkedal (70)
4-0 Martin Grytten (88)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Engeset (Kristian Furnes, 58), Kenneth Vegsund (Geir Magne Grande, 77), Jan Even Drønnesund, Kristoffer Søviknes – André Larsen, Bee, Erlend York (Daniel Brusdal, 71) – Ole Johan Urke, Tarjei Urkedal, Skjalg Volstad (Martin Grytten, 58)

I ein ikkje altfor velspelt kamp var Norborg2 best i begge endar og tok ein fortent siger over nabo Ravn.

Med vinterens Norborg-aktuelle spelarar Jørn Heggelund og Christopher Urkedal på tribuna, fekk Ravn eit tøft møte med Norborg sine antatt nest beste. Norborg2 tok kommandoen frå start og før to minutt var spelt tråkla Tarjei Urkedal seg igjennom, men Ravn-keeper Krogsæter redda med ein flott beinparade. Oransjetrøyene fortsette å angripe og skapte fleire gode sjansar det første kvarteret. Spesielt gutespelar Skjalg Volstad var aktiv og god ute på høgrekanten i denne perioden.

Etterkvart fell kampen i verdi og det blir vel mange høge upresise ballar frå begge lag. Når vi nærma oss ein halvtime får Norborg2 corner. André Larsen slår godt til Kenneth Vegsund som enkelt headar i mål frå kloss hald ved bakarste stolpe. Ein solid glipp i markeringa av Ravn ved dette høvet.

Målet ser ut til å vekke Ravn, og både Roger Dalhaug, Sverre Flem og Eivind Erstad får sine sjansar til å utlikne. Sistnemnde sette ballen i mål, men vart avblåst for farefullt spel mot keeper.

I 2. omgang aukar Norborg2 på sin første sjanse ved Skjalg Volstad, og for eit mål gutespelaren scora. Frå knappe 25 meter får han stjernetreff og ballen går i ei fin boge over keeper og ned ved krysset. Ti minutt seinare punkterar heimelaget kampen då Tarjei Urkedal får to sjansar på å sette inn 3-0 etter eit godt innlegg av Erlend York. Urkedal headar først midt på keeper Krogsæter, men får returen i beina og sette ballen enkelt i mål.

I sluttminutta får Ravn to store sjansar. Først ved Eivind Erstad, som elegant vipper ballen over ein Norborg-forsvarar og kjem seg innafor 16 meteren, men skotet går over. Sverre Flem får også sjansen til å redusere, men headinga hans frå kloss hald går like over. I staden er det Norborg2 sin andre gutespelar som finn vegen til nettmaskene då han frå 7 meter sette eit godt innlegg frå Kristoffer Søviknes i mål.

Spelemessig var Ravn meir med enn resultatet tilseie, men Norborg2 har meir spisskompetanse, meir ro og jamnt over betre teknikk, og tok dermed ein fortent siger. Kampen var likevel ikkje av beste merke med lågt tempo på ball og tidvis mykje upresist spel og feilval frå begge lag. Likevel, Norborg2 skal seie seg godt nøgd med å vinne 4-0 over eit 5. divisjonslag som ikkje har for vane å tape. Norborg2 skal nok bli ei hard nøtt for mange av 6. divisjonslaga.

– Førsteomgangen går på låg maskin og konsentrasjon. I andre betra dette seg, og vi vinn ein kontrollert siger med mange gode offensive kombinasjonar, sa Norborg2-trenar Kristian Søviknes etter kampen.