Norborg2 – Lepsøy 2-2 (2-0)
Treningskamp, Uggedal grus, 10.03.07
6 sjansar 7
1 cornere 3
1-0 Kristian Furnes (28)
2-0 Skjalg Volstad (43)
2-1 Svein Ove Farstad (str. 49)
2-2 Frank Gjerde (81)
Dommar: Odd Arne Grande (Skodje)
Laget: Kristoffer Søviknes – Kenneth Vegsund, Elling Mikal Kalvø, Jan Even Drønnesund, Kristoffer Engeset – Erlend York, André Larsen, Eivind Fjørtoft (Martin Grytten, 8) (Geir Magne Grande, 63) – Edward Laverton (Skjalg Volstad, 28), Kristian Furnes, Amund Terøy.
Snittalder: 21
Jamn kamp der laga hadde kvar sin omgang i sørvesten på Uggedal grus. Spelemessig var det vanskeleg å få til noko konstruktivt, men ei god treningsøkt for begge lag vart det likevel.
Norborg2 starta friskast og var nær leiing i opningsminuttet då Edward Laverton kom seg rundt på venstresida, men pasninga til Kristian Furnes på blankt mål var for upresis. Minuttet etter spelar Erlend York igjennom Furnes, men avslutninga gjekk like utafor stolpen. På tredje sjansen skulle heimelaget lykkast. Kristoffer Engeset kriga til seg ballen ved hjørneflagget, gir til André Larsen som legg inn til Furnes på 5 meteren. Han vender opp å skyt i mål. Nær halvtimen var då spelt.
Like før pause får vi dagens flottaste prestasjon då unge Skjalg Volstad tek saka eigne hender, driblar seg igjennom forsvaret til Lepsøy og sette ballen sikkert i nota til 2-0.
Lepsøy hadde også sine sjansar i 1. omgang og var heile tre gongar åleine med keeper Kristoffer Søviknes, men normalt utespelar Søviknes vann kvar duell og var omgangen sin store spelar.
Like etter pause kjem Lepsøy sin angripar nok ein gong åleine med keeper, og denne gong måtte Søviknes bruke ulovlege middel for å stoppe han. Dommar Grande bles då korrekt for straffe. Den sette Svein Ove Farstad i mål via fingertuppane til Søviknes.
Andre omgang vart spele og sjansemessig ein svakare omgang enn første. Marius Eide hadde ein stor sjanse til å utlikne like etter reduseringa, medan Kristian Furnes var nær sitt andre mål eit kvarter før slutt. Knappe ti minutt før slutt utlikna Lepsøy sin tilbakevende son Frank Gjerde då han sette ballen i tomt mål frå kanten av 16 meteren etter ein liten skovtur av Søviknes.
Godkjent av Jan Even, Elling, Erlend, Skjalg og Kristoffer Engeset. Resten bør heve seg, var trenar Kristian Søviknes sin korte kommentar etter kampen.