Norborg 2. lag – Harøy 1-0 (0-0)
Uggedal stadion, 21.05.07
6 sjansar 5
4 cornere 2
1-0 Elling Mikal Kalvø (str. 71)
Dommar: Per Helge Liset (Stranda)
Tre beste:
Kenneth Vegsund
Geir Ove Grønli
Kristian Furnes
Laget: Kenneth Vegsund – Kristoffer Engeset, Kjell Tere Brusdal, Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø – Espen Solheim (Martin Grytten, 25), Kristian Furnes, Bee, Ole Johan Urke (Amund Terøy, 46) – Geir Ove Grønli, Edward Laverton (Adrian Holmeset, 83)
Eit straffespark knappe tjue minutt før slutt måtte til for å avgjere 6. divisjon sitt toppoppgjer mellom Norborg2 og Harøy. Gjestane kom best i gong og brente tre store sjansar det første kvarteret. Etterkvart tok vertane over og styrte det meste av banespelet.
– Innsats var stikkordet før kampen, og dette bestod oss med glans. Spelemessig har vi vist betre, men vi kontrollerer greitt og prøver meir enn Harøy, sjølv om vi ikkje lykkast med alt. Poenga tel meir enn stil i dag, og no har vårt unge mannskap fått ein pangstart på sesongen, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
– Synd at vi ikkje sette nokon av våre store sjansar i starten av kampen. Etter pausen blir vi trykt bakpå, men føler vi gjer ein god kamp defensivt. Norborg2 var kanskje best, men synd at målet skulle kome på den måten, sa Harøy sin Toralf Ervik.
Harøy med store sjansar
Harøy kom best i gong i det flotte speleveret på Grytastranda, og Stian Harnes kom seg til tre store sjansar det første kvarteret, men normalt treffsikre Harnes hadde ikkje dagen. Ti minutt var spelt då han vart spelt igjennom første gong, men keeper Kenneth Vegsund opptrådde rutinert og godt å redda skotet. To minutt seinare får Harnes ballen i bakrommet for andre gong, og i duell med ein Norborg-spelar vel han ei tidleg avslutning som Vegsund reddar lett. Etter knappe femten minutt gjer Hans Jørgen Hjelle ein god jobb ute på venstresida og slår ein perfekt stikkar igjennom til Harnes, men heller ikkje på det tredje forsøket lykkast han og skotet går over mål.
Norborg2 hadde problem både defensivt og offensivt i denne perioden, men etterkvart som Harøy hadde sprunge frå seg, fekk ein eit grep om kampen og kom seg etterkvart til eit par gode sjansar ved Edward Laverton. Likevel, Harøy burde ha leia til pausen.
Norborg-dominans etter kvila
I 2. omgang dominerte Norborg2 banespelet, men møtte eit kontant og godt gjesteforsvar, og omgangen blir aldri noko spesielt underhaldande or dei ca. 40 som møtte opp. Nokre sjansar kom likevel heimelaget seg til. To minutt ut i omgangen stussa ein Harøy-forsvarar ballen i beina til Edward Laverton, men touchet var for dårleg og keeper Nicolai Flatøy snappa ballen. Like etter testa Bee skotfoten frå 18 meter, men ballen sneik seg utafor krysset, medan Martin Grytten avslutta like utafor frå kanten av 16 meteren. Innimellom dette var Stian Harnes også frampå og testa skotfoten, men traff ikkje innafor stolpane frå 17 meter.
Straffe måtte til
Tjue minutt før slutt blir det dømt for hands på eit innlegg frå Kristian Furnes. Dommar Liset peikar dermed på straffemerket, eller der det skulle ha vore… Ballen blir lagt på minst 13 meter, men Elling Mikal Kalvø gjer ingen feil og sende keeper ein veg og ballen den andre. Dermed 1-0.
Norborg2 hadde rimeleg god kontroll etter dette, men i sluttsekunda var Harøy farleg frampå med ei heading etter corner. Headinga gjekk i nettveggen og Norborg2 tok dermed sin tredje strake siger, og ligg på 1. plass med ein kamp mindre spelt.
Dette var på mange måtar ein typisk toppkamp med to godt organiserte lag som ikkje slapp motstandaren til dei store sjansane. I allefall dersom vi ser bort frå Norborg2 sitt nykomponerte forsvar sine startproblem. På grunn av langt gras var det vanskeleg å få tempo på ball og dette ødelagte mykje av spelet. Men, spenning var det til siste sekund.
Norborg2 sin bestemannspris vel vi å gi til keeper Kenneth Vegsund. Han viste sitt beste då Harøy opna opp Norborg2-forsvaret i starten av kampen. Geir Ove Grønli viste at forma er i anmarsj og vann mange duellar på midten, medan Kristian Furnes jobba hardt på dei tre posisjonane han var innom i løpet av kampen. Elles honnør til heile laget for god ståpåvilje mot vanskeleg motstand.