Lepsøy – Norborg2 2-3

Norborg2 – sigerherrar i 6. divisjon avd. 1

Lepsøy – Norborg 2-3 (2-1)
Lepsøy stadion, 23.09.07

0-1 André Larsen (8)
1-1 Frank Gjerde (26)
2-1 Erling Hawkes (35)
2-2 Edward Laverton (58)
2-3 Phongrapee Kaeokhao (60)

Dommar: Odd Arne Grande (Skodje)

Laget: Kurt Erik Grytten – Elling Mikal Kalvø, Kristian Søviknes, Kjell Terje Brusdal, Kristoffer Engeset – André Larsen, Phongrapee Kaeokhao, Eivind Fjørtoft, Kristian Furnes – Edward Laverton, Martinus Grytten (Amund Terøy, 15) (Erlend York, 50) (Amund Terøy, 80).

Norborg2 vann 6.divisjon på første forsøk etter siger 3-2 borte på seriefavoritt Lepsøy i siste serierunde. Bee satte inn det avgjørande målet femten minutt ut i andre omgang etter ein sterk snuoperasjon av dei oransje.

Norborg2 stilte som vanleg med eit ungt lag der åtte av tretten haldt junioralder. Dei første minutta hadde Lepsøy eit lite initiativ i kampen, men nærmare enn eit svakt skudd får skrått hold som Norborg redda på streken kom ikkje heimelaget.

Etterkvart så begynte Norborg å ta over kampen, og vi fekk etter åtte minutt sett eit klassisk Norborg2 angrep. Eit Lepsøyangrep blir brutt på bortelaget si venstreside, ballen blir spelt fint gjennom midten og ut til ein frispelt speler i rommet bak heimelaget sin venstreback. Martinus Grytten fossar mot mål, og legg ballen nydelig på opent mål til André Larsen på bakerste.

Etter dette er Elling Mikal Kalvø nær ved å auke bortelaget si leiing, men den ellers så målfarlige forsvarsspeleren valgte å prøve eit spektakulært skot istaden for å styre ballen i mål med hovudet.

Lepsøy snur
Etter tjueseks minutt skal det vere klart for utlikning frå heimelaget. Lepsøy har eit farlig offensivt spelemønster, og det er Frank Gjerde i bakrommet. På ein av dei svært sjeldne gongane Norborg gav frå seg for mykje rom bak forsvaret så rundar han Norborg sin keeper, og triller ballen i mål. Like etter dette så går heimelaget opp i leiinga då gjestane frå fastlandet er høflege å lar kampen sin lavaste spelar få heade (!) inn eit hjørnespark. Svak vilje til duellering på den situasjonen. Norborg produserar etter dette nok sjanser for redusering, men heading i stolpen av Amund Terøy og eit skudd over frå meget god posisjon av André Larsen er det nærmaste ein kjem.

Trilla ball i hatt
Norborg går ut i andre omgang med eit mål for auge. Kampen skal snuast, og det skal gjerast raskast mogeleg. Den første halvtimen av andre omgang varter den oransje horde opp med meget god fotball, og Lepsøyspelerane har meir enn nok med å forsvare seg mot eit bortelag som triller ball med tempo og stor rørsle rundt dei raude draktene. Etter femtiåtte minutt kjem utlikninga då Kristian Søviknes bryt eit Lepsøyoppspel, forserer tretti meter før han speler Edward Laverton igjennom i bakrommet. Edward tek med seg ballen innover mot mål, drar av midtstopperen å sette skotet nede i nærmaste hjørne. To minutt etterpå sørger Bee for at avdelingsmesterskapet og kampsigeren går til Norborg. Spelet blir vendt frå venstre til høgre, og Kristoffer Engeset og Erlend York skaper ein overtallsituajson på høgresida. Innlegget frå Kristoffer Engeset styrer Bee i nota med ei lang tå på fremste stolpe.

Kontrollerer og kontrer
Det siste kvarteret og dei sju minutta dommeren legg til så legg Norborg seg litt lenger bak på bana, men er livsfarlege på kontringar. Diverre utan uteljing, og istaden er Lepsøy nær å utlikne ved to anledninger. Det eine skuddet går i stolpen, medan Kurt Erik Grytten fister Frank Gjerde sin vinkelsuser over til hjørnespark. Nærmast for Norborg er blant anna Edward Laverton som ser si heading etter hjørnespark bli meisterlig redda av Ole Morten Farstad i Lepsøyburet.

På heimelaget vart Geir Seth kåra til dagens beste speler av ein lokal jury, medan vi på bortelaget og sigerslaget Norborg velger å kåre heile laget som dagens beste! Dette var ein skikkelig lagsiger der samtlige ytte 110% innsats og vilje. Mykje godt spel fekk vi også sjå, og det er ein sterk prestasjon dette unge laget har gjort med kun eitt tap på dei siste sytten kampane!

No ventar to spennande kampar om KM-tittelen ein gong i oktober.