Langevåg2 – Norborg2 2-4

Langevåg2 – Norborg2 2-4 (2-2)
6. divisjon, Langevåg KGB, 02.07.07

0-1 Martin Grytten (16)
1-1 Mats Andersen (str. 31)
2-1 Håvard Dybvik (36)
2-2 Skjalg Volstad (38)
2-3 Sjølvmål (63)
2-4 Kristian Furnes (82)

Dommer: Oddmund Kaldussæter, Blindheim

Norborg2 tok tre nye poeng i bortemøte med Langevåg2 etter ein god andre omgang. Dermed har man spelt ti strake kampar uten tap sidan tapet for Lom 2.mars.

Martin Grytten gav gjestane frå Norborgland leiinga etter eit kvarter då han runda keeper, og satt ballen i det tomme buret etter ein stikker frå Ole Johan Urke. Like etterpå var ballen på nytt i heimeburet etter eit glimrande innlegg frå Kristoffer Engeset som Martin stanga i nota på fremste. Diverre annullerte dommeren for angrep på keeperen, men strengt tatt så var det keeperen som rente inn i Martin etter han skårte. Martin måtte ut å fikse en blødande nase, og i stede så snur Langevåg2 kampen.

Fylling dominerer
Langevåg2 anført av ein svært dominerande Andre Fylling på sentral midtbane utlikner først på straffespark, før dei tar leiinga 2-1. Det siste målet nokså unødvendig då ein Norborgspeler opphever offsidene med 10 meter sidan han har satt seg ned for å knyte sko på sekstenmeteren……

Volstad kanon
Fem minutt før pause utlikner Norborg2 på nytt. Frispark frå tredve meter der skuddet med skeiva endrer retning å seiler inn i vinkelen. Vakkert! Dermed går laga til pause med uavgjort etter ein omgang der Norborg2 var langt under pari.

Norborg med kommandoen
Noen taktiske endringer i pausa såg ut til å sette ny liv i kampen i andre omgang. Vertfall så tar Norborg2 fullstendig kommandoen i kampen, og styrer den heile omgangen med mykje større løpsvilje og spelande fotball enn heimelaget. 2-3 kjem når Skjalg Volstad presser ein heimespeler til å sette Ole Johan Urke sitt innlegg i eige mål på bakerste stolpe. Like etterpå skyter Martin Grytten i stolpen frå skrått hald, medan Andre Larsen har fleire gode skuddmuligheter uten hell i dag desverre.

Eit kvarter før slutt får vi kanskje sjå dagens vakraste angrep. Norborg bygg opp ein overgang på venstresida, og ballen når fram til Ole Johan Urke på kanten. Han tar den med seg innover, og slår heilt på bakerste stolpe der Skjalg Volstad har dratt med seg forsvaret innover på bana. Kristoffer Engeset kjem på eit sugande 90 meters løp frå høgrebacken, men er diverre noen cm for seint ute. Hadde han fått tatt ned den ballen, så hadde han kun keeperen igjen å overliste. Synd man ikkje fekk mål på eit slikt angrep.

Like før slutt punkterer Kristian Furnes kampen då Norborg står i kø for å avslutte på eit innlegg frå Ole Johan Urke på venstresida. Avslutninga til Furnes er nådeløs oppunder tverrliggeren frå ti meters hald. Dermed ein fortjent siger til dei orange på ei god kunstgrasbane i Langevågen.

Best i dag var ferierande Stein Erik Mårstøl og Andre Larsen på midtbana, samt ein god Elling Mikal i midtforsvaret og aktive Ole Johan Urke på venstrevingen i andre omgang. Ellers god innsats av samtlige, der mang ein speler vart svimmel av Skjalg si fart på høgrevingen i første omgang.

Kristian Søviknes