Brattvåg2 – Norborg2 0-5 (0-3)
6. divisjon avd. 1, Brattvåg KGB, 23.04.07
5 sjansar 11
4 cornere 3
0-1 Edward Laverton (9)
0-2 Edward Laveron (18)
0-3 Edward Laverton (24)
0-4 Skjalg Volstad (47)
0-5 Elling Mikal Kalvø (90)
Gule kort: Bee (Norborg)
Raudt kort: Hazhin Hassan (Brattvåg) to gule
Dommar: Norvald Helge Lausund (Lepsøy)
Tre beste:
Elling Mikal Kalvø
Jan Even Drønnesund
Trond Elstad
Laget: Trond Elstad – Christian Søvik (Amund Terøy, 57), Elling Mikal Kalvø, Jan Even Drønnesund, Kristoffer Engeset – Eivind Fjørtoft, Bee, Kristian Furnes (Martin Grytten, 57) – Edward Laverton (Kristian Furnes, 73), Geir Ove Grønli, Skjalg Volstad.
Norborg2og Edward Laverton pangopna lokaloppgjeret mot Brattvåg2 og leia 3-0 før halvtimen var spelt. Etter dette jamna kampen seg ut og begge lag hadde store sjansar, men det var berre Norborg2 som fann vegen til nettmaskene og vann dermed fortent.
Under fine forhald på Brattvåg KGB tok gjestane kommandoen frå start, og allereie før minuttet var spelt burde Geir Ove Grønli ha gitt Norborg2 leiinga etter eit godt innlegg av Skjalg Volstad, men avslutninga frå kloss hald gjekk utafor.
Eddie med flying start
– Vi må få eit tidleg mål, sa trenar Kristian Søviknes, og det skulle han få. Nær ti minutt ut i kampen slår kaptein Jan Even Drønnesund ein perfekt ball i bakrom til Edward Laverton på løp. Laverton gjer ingen feil og lobbar over keeper Ole Kristian Myren til 1-0.
Norborg2 fortsette å angripe og Christian Søvik var svært nær mål då han klinka ballen over frå kloss hald etter corner. 2-0 let ikkje vente lenge på seg. Laverton driblar seg gjennom Brattvåg-forsvaret og plasserar ballen sikkert i mål. Få minutt etter er samme mann på måljakt igjen. Langt oppspel frå keeper Trond Elstad, stuss i bakrom av Geir Ove Grønli til Laverton som scorer aleine med keeper.
Lite å by på
Brattvåg2 hadde lite å by på i denne omgangen og vart kontant stoppa av den gode stopparduoen Jan Even Drønnesund og Elling Mikal Kalvø. Lars Martin Vestre fekk Brattvåg2 sin største sjanse då han like før pause kom først på eit innlegg frå høgrekanten, men skotet frå 7-8 meter vart redda av keeper Trond Elstad. Ved sidan av dette hadde nemnde Vestre, samt Stian Hatlehol eit par skotforsøk. Norborg2 hadde på si side eit skot i stolpen av Eivind Fjørtoft då han plukka opp ein retur etter at keeper Myren vann ein duell åleine med Volstad.
Volstad kampen
Norborg2 var ikkje nøgd med 3-0, og to minutt ut i omgangen blir Volstad spelt fri av Grønli. Åleine med keeper Myren gjer gutespelaren ingen feil og legg på til 4-0. Gjestane er best i starten av 2. omgang, og både Laverton og Volstad får kvar sin store sjanse til å score, men treff ikkje innafor stolpane.
Elstad viser klasse
Siste halvtimen vaknar heimelaget anført av tekniske Hazhin Hassan. Først kjem han seg rundt på venstrekanten og legg 45 til Stian Hatlehol, men keeper Elstad let seg ikkje overliste. Få minutt etter driblar Hassan seg igjennom, men avsluttar rett på keeper. Ti minutt før slutt får Hatlehol ein dobbeltsjanse, men som så mange gongar før stenger Elstad buret.
Nye sko ga mål
På overtid kjem Norborg2 sterkt. Først headar Grønli i tverrliggar etter innlegg av Martin Grytten. Så får Elling Mikal Kalvø vist fram nyskoa sine då han fastsette sluttresultatet til 5-0. Frå 5-6 meter skyt han i mål då Brattvåg2 ikkje får avklart eit frisparkinnlegg av Bee.
Mange store sjansar til begge lag i 2. omgang, men det var liten tvil i at Norborg2 var det beste laget og tok fortent 3 poeng. Jan Even Drønnesund og Elling Mikal Kalvø var solide kampen igjennom, keeper Trond Elstad viste si klasse då han fekk noko å gjere i 2. omgang, og vi kan heller ikkje kome utanom Edward Laverton som avgjer kampen med tre tidlege mål. Fortsett slik.