Sidan ein melde på eit 2. lag i 6. divisjon, var dette laget meint å vere eit reint trimlag. På vårsesongen var det aldri problem å få nok spelarar til kampar, men på hausten førte skader, militæret og skulegong til at ein sleit med å finne nok spelarar. Laget kom på 5. plass av dei 6 laga i avdelinga. Lagleiar var Alexander Holmeset. Toppscorar var Geir Magne Grande med 9 mål, medan Noralf Gamlem vart kåra til årets spelar.
Brattvåg IL – Fotball | 13 | – | 0 | – | 2 | 134 – 37 | 97 | 39 | |
Haramsøy/Nordøy FK | 10 | – | 1 | – | 4 | 78 – 48 | 30 | 31 | |
Ørskog IL – Fotball | 9 | – | 0 | – | 6 | 81 – 57 | 24 | 27 | |
Fjørtoft TIL – Fotball | 5 | – | 1 | – | 9 | 43 – 83 | -40 | 16 | |
Norborg, IL – Fotball | 5 | – | 0 | – | 10 | 70 – 86 | -16 | 15 | |
Skodje IL – Fotball | 2 | – | 0 | – | 13 | 45 – 140 | -95 | 6 |
http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=120845
Følgjande spelte kampar:
Martin Holmeset, Kristian Furnes, Biarte Hånes, Vebjørn Grytten, Ronnie Gamlem, André Larsen, Noralf Gamlem, Audun Mikalsen, Alexander Holmeset, Bjørn Urkedal, Christian Søvik, Bjørnar Engeset, Elling Mikal Kalvø, Frode Stormyr Engeset, Bjørn Tore Selbervik, Joakim Kjerstad, Johan Stavik, Martinus Grytten, Adrian Holmeset, Andreas Holmeset, Karl Inge Krogsethagen, Fredrik Holmeset, Geir Magne Grande, Ole Mathias Grytten og Kristoffer Engeset (totalt 26 spelarar).
Eit par kampreferat frå sesongen har vi.
Unngjekk tosiffra mot Brattvåg
20-09-2007 22:41
-Norborg herrar 7’ar tapte i kveld 2-9 for avdelingsvinnar Brattvåg. Norborg måtte på bygda for å greie å stille nok spelarar til denne kampen, men gjekk respektlaust til verks å tok leiinga 1-0 ved Frode Stormyr Engeset. Etter-kvart vakna det rutinerte Brattvåg-laget med eit par-tre stjerner frå dei gode årgangane som spelte jamnt med AaFK og Hødd på slutten av 80- og 1. halvdel av 90-talet. Gultrøyene scora 3 mål før kvila og leia 3-1. Norborg scora det første målet også etter sidebytte. Geir Magne Grande sprang halve bana før han klinka ballen i krysset. 3-2, men så sa Brattvåg takk for seg å putta 6 gongar. Norborg sin beste spelar var keeper Joackim Kjærstad. Laget: Joackim Kjærstad, Martin Holmeset, Geir Magne Grande, Johan Stavik, Adrian Holmeset, Kristian Furnes og Frode Engeset. Andreas Holmeset, Ole Mathias Grytten og Martinus Grytten vart kalla inn 5 minutt før kampstart. Takk for at dei stilte på så kort varsel. Dommar: Stein Erik Alvestad (FK Terøy).
7’ar laget med ny siger
29-08-2007 21:01
-Norborg herrar 7’ar vann 6-4 over Skodje tysdag kveld. Daniel Brusdal scora 3, Kristian Furnes 1, Alexander Holmeset 1 (for øvreg baklengs nr. 100 for Skodje) og Kristian Rødsås 1 mål. Rødsås sitt mål var ein trillert frå midtbana då keeperen var på skovtur.