Volda2 – Norborg 5-2 (2-1)
5. divisjon, Sparebank1 Bana, 24.10.2024
1-0 Sigve Vadstein Viddal (5)
2-0 Jonatan Hovden Ryste (7)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (20)
3-1 Stian Moe Finnøy (64)
3-2 Niklas Rekdal (68)
4-2 Daniel Aam Kriken (85)
5-2 Andreas Hjellen Tangen (90)
Norborg gjekk på sitt femte strake tap og må ta turen ned til 6. divisjon etter at botnkollega Volda2 vart for sterke og vann 5-2. Sidan NTNUIÅ også vann sin kamp, smatt begge desse to laga forbi på tabellen og Norborg enda sist.
Å møte eit 2. lag i desperat poengnaud er inga enkel oppgåve. Det fekk også Norborg erfare når ein tok turen til Volda for å spele siste serierunde. Norborg stilte slettes ikkje med eit svakt lag i denne kampen, men fekk eit skot for baugen allereie på oppvarminga då norborg.com sin stjernebørsvinnar Tobias Jensen måtte gi seg grunna føling med ein strekk. Med den elegante forsvarsbautaen borte vart det tøft. Verre vart det då Volda2 utnytta svakt forsvarsspelt og scora to mål før sju minutt var spelt ved Sigve Viddal og Jonatan Ryste. Heimelaget fortsette å trykke på heilt til Tarjei Urkedal heada eit innlegg frå Nicholas Kvammen i nota. Då endra kampen totalt karakter og Norborg pressa på for utlikning resten av omgangen. Diverre har Norborg slete framfor mål i heile år, so også i denne kampen, så stillinga 2-1 til Volda2 haldt seg til pause.
Etter kvila kom Norborg aldri heilt inn i kampen mot eit velspelande heimelag. Den gamle storscoraren Stian Moe Finnøy auka til 3-1 tjue minutt ut i omgangen. Niklas Rekdal gav Norborg nytt håp då han sette inn eit frispark, men han måtte ei kort stund etter diverre ut med skade. Volda2 hadde etter dette god kontroll og punkterte kampen med to mål mot slutten. Norborg står dermed med to strake nedrykk og skal spele i 6. divisjon for første gong sidan år 2000.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Oliver Gamlem (Lars Mikalsen, 72), Anders Toven, Adrian Andukiewicz, Tobias Flem Hellem (Markus Søvik Gunnarsson, 87) – Markus Torgersen (Ole Martin Fevåg, 25), Ådne Hellandsvik, Nikolai Jensen, Niklas Rekdal (Torgersen, 68) (Robin Endré Hånde, 81), Nicholas Kvammen – Tarjei Urkedal (Ruben Stavik, 87).