Sykkylven – Norborg 1-0 (1-0)

Sykkylven – Norborg 1-0 (1-0)
5. divisjon, Sykkylven stadion, 02.05.2024

Sjansar: 4-2

1-0 Ask Nikolai Støylen (18)

Norborg måtte sjå seg slått av eit fysisk godt heimelag i ein lite velspelt kamp. Sykkylven la opp til tøffe dueller og fekk Norborg med på leiken. Det var likevel heimelaget som vann dei fleste, og etter å ha brent ein stor sjanse utnytta Ask Nikolai Støylen slurv i Norborg-forsvaret og scora åleine med keeper. Norborg skapte lite i denne omgangen og Sykkylven leia fortent når laga gjekk til pause.

I 2. omgang prøvde Norborg å løfte seg, men trass mange dødballar og ein stor sjanse ved Emil Hansen Sandbakk ti minutt før slutt greidde ein aldri å finne vegen til nettmaskene. Norborg mangla rytme i spelet, og med Søvik, Toven, Grytten og Søviknes ute frå sist kamp og nye inn så tek det nok også litt tid å få på plass relasjonane.

Keeper Jann Tore Søvik (16 år om 12 dagar) fekk sin debut fem minutt før slutt og måtte i aksjon å gjere ei god redning.

Neste kamp er heime mot Blindheim torsdag 9. mai kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Jann Tore Søvik, 86) – Tobias Flem Hellem (Tarjei Urkedal, 46), Peder Søvik (Emil Sandbakk, 70), Lars Alvestad Mikalsen (Tobias Jensen, 25), Oliver Gamlem (Markus Søvik Gunnarsson, 80) – Ole Kristian Engeset Aarseth, Niklas Rekdal, Adrian Andrukiewicz, Nicholas Kvammen (Hellem, 80), Jesper Vos (Andreas Larsen Beite, 65) (Vos, 85), William Jenssen Grytten.

Stjerner:
*** Tobias Jensen
** Ole Kristian Engeset Aarseth
*