Ravn – Norborg 2-3 (1-2)

Ravn – Norborg 2-3 (1-2)
5. divisjon, Ravn stadion, 12.09.2024

1-0 Nikolas Arne Fjørtoft (5)
1-1 Nicholas Akbar Kvammen (28)
1-2 Nikolai Jensen (45)
1-3 Nikolai Jensen (59)
2-3 Nikolas Arne Fjørtoft (65)

Sjanser: 6-5
Cornere: 3-3

Norborg tok heim tre viktige poeng i lokaloppgjeret mot Ravn i ruskeveret torsdag kveld. Ravn scora både det første og det siste målet, men mellom der var Norborg det beste laget anført av Kong Nikolai.

Sjølv om Ravn kjempar i toppen og hadde hittil i år tatt meir enn dobbelt så mange poeng enn Norborg, så var likevel Norborg knappe favorittar i dette oppgjeret sidan dei hadde henta heim kavaleriet sitt. Det var dermed eit slag under beltet då Ravn tok tak i kampen og gjorde 1-0 før 5 minutt var spelt. Målet kom etter eit langt oppspel mot Nikolas Fjørtoft. Han rykte frå forsvaret og sette ballen kaldt i mål. Norborg vart etter kvart varm i trøya og tok meir og meir over kampen. Niklas Rekdal var nær utlikning på eit frispark 27 minutt ut i kampen, men keeper Sander Arntsen i full strekk fekk redda til corner. Ein corner som til slutt vart avslutta med eit skot over av Ådne Hellandsvik. Ravn sette i gong spelet med eit kort utspel mot eit høgståande Norborg. Nikolai Jensen vann ballen og sette i gong eit nytt angrep. Etter nokre trekk havna ballen ute hos Eirik Vågnes som finta seg forbi eit par mann og sende ballen inn på 5-meteren der ein Ravn-spelar klarerte rett i Nicholas Kvammen sin fot så den fyk i mål. 1-1, heldig, men fortjent.

Norborg fortsette å ha spelet mot eit kompakt heimelag. Det vart dermed lite målsjansar, men i det vi gjekk mot slutten av omgangen tek Norborg eit raskt innkast. Tarjei Urkedal kom seg ned mo kortlinja og chippa ballen inn til Nikolai Jensen som heada den kontant i nota til 1-2. Norborg kunne dermed gå til pause med ei fortent leiing.

Dei fleste venta at heimelaget ville gå aggressivt og offensivt til verks etter kvila, men i staden var det Norborg som haldt fram med å vere det førande laget. Knappe kvarteret ut i omgangen spelte ein seg så fram til corner. Den vart slått hardt inn framfor av kaptein Per Kristian Søvik til Nikolai Jensen som nok ein gong heada kontant i mål til 1-3. Fem minutt seinare skaper Ravn og 5. divisjon sin toppscorar Nikolas Fjørtoft ny spenning i kampen då han sette inn eit frispark frå langt hald. Ravn gjorde eit par grep og starta å legge press på eit slitent gjestelag, men keeper Olsen og Norborg haldt stand. Dermed tre særs viktige poeng med heim til Norborg-land.

Ein får ekstra god tid til å nyte denne sigeren sidan komande kamp ikkje er før torsdag 26. september. Då borte mot Blindheim.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik, Tobias Jensen, Anders Toven, William Jensen Grytten – Eirik Koppen Vågnes, Ådne Hellandsvik, Nikolai Jensen, Niklas Rekdal, Nicholas Kvammen (Kristoffer Søviknes, 85) – Tarjei Gjerset Urkedal.

Sjå måla her:

1-0
1-1
1-2
1-3
2-3