Norborg – Valder 1-2 (0-0)

Norborg – Valder 1-2 (0-0)
5. divisjon, Uggedal stadion, 30.05.2024.

Sjansar: 5-7
Cornere: 4-6

0-1 Oskar Telvik (60)
1-1 Nikolai Jensen (77)
1-2 Michael Rørvik Akslen (82)

Det var i den siste halvtimen tinga skjedde på Uggedal stadion i kampen mellom Norborg og Valder. Oskar Telvik opna målprotokollen då han putta etter corner. Dryge kvarteret seinare var det klart for nytt cornermål. Denne gong ved Norborg sin Nikolai Jensen då han breisida ballen i mål frå kloss hald. Nokre minutt seinare var Norborg særs nær leiing då Per Kristian Søvik avslutta i stolpen, I staden var det Valder som gjekk i angrep og Michael Rørvik Akslen som sette eit innlegg i nota. Norborg forsøkte å legge trykk på Valder i sluttminutta, men gjestane hadde god kontroll på det som kom.

1. omgang var temposvak og sjansefattig. Begge lag hadde stort sett god kontroll defensivt og det lille som var skapt kom grunna personlege feil. Valder skapte dei to største, men keeper Ronald Søvik Olsen redda begge forsøka.

Etter pause fekk vi sjå ein meir fartsfylt kamp. Valder opna omgangen best og hadde eit par skotforsøk frå brukbart hald ved Elias Viddal og Filip Bordom, men siktet var ikkje innstilt og ballen gjekk over mål ved begge høve. Det var dermed fortent nok av Oskar Telvik sende gjestane i føringa eit kvarter ut i omgangen då han scora frå kloss hald etter corner. Valder pressa på også i minutta etter målet, men Norborg haldt stand. Så fekk vi eit kvarter der Norborg tok kommandoen og pressa Valder. Ved knappe halvspelt omgang fekk ein eit par forsøk blokkert omtrent på streken, medan i det 76. minutt fyrte Nicholas Kvammen av eit skot som keeper så vidt fekk slått i tverra. Norborg ropte også på straffe etter at ein Valder spelar tydeleg var ut å stoppa eit skot med handa, men dommar reagerte ikkje og det vart corner i staden. Den vart slått godt inn framfor mål og enda til slutt hos Nikolai Jensen som sette den enkelt i mål frå 5 meter.

Norborg var no i støtet og minutter seinare avanserte Per Kristian Søvik med ballen frå eigen halvdel til nokre og tjue meter før han skaut i stolperota. I staden for leiing til Norborg så var det Valder som kunne juble for ny leiinga minuttet etter då Michael Rørvik Akslen tuppa eit innlegg i mål frå kloss hald. Sluttminutta rann ut i sanden med mykje stopp i spelet og Norborg måtte gå poenglause av bana.

Komande kamp for Norborg er borte mot Emblem torsdag 6. juni kl. 1845. Ein særs viktig kamp i botnen av tabellen så vi håper mange kan ta turen for å støtte laget.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik, Niklas Rekdal, Peder Uggedal Søvik (Lars Mikalsen, 77), Tobias Hellem (Markus Søvik Gunnarsson, 67), Torbjørn Grytten, Nikolai Jensen, Nicholas Kvammen (Hellem, 87),  Adrian Andrikiewicz, Oliver Gamlem (Ole Martin Fevåg, 46), Kristoffer Søviknes (Tarjei Urkedal, 46) (Gamlem, 72) (Andreas Beite, 87).