Norborg – Spjelkavik2 0-3 (0-1)

Norborg – Spjelkavik2 0-3 (0-1)
5. divisjon, Uggedal stadion, 17.10.2024

Sjansar: 3-9

0-1 Jonas Ottersen (42)
0-2 Peter Røvreit Frostad (49)
0-3 Jonas Ottersen (68)

Norborg vart etter kvart eit nummer for små for krinsmeistrane frå Spjelkavik og måtte nok ein gong gå av bana utan mål og poeng. Norborg hang godt med før pause, men etter kvila gjorde Spjelkavik2 som dei ville.

Norborg satsa alt på at dette var kampen ein skulle sikre plassen i divisjonen med og stilte sitt sterkaste lag på fleire veke, men Spjelkavik2 var absolutt ikkje mette etter at KM-tittelen var sikra og hadde som mål å vinne samtlege av sine ti bortekampar. 1. omgang vart ein stillingskrig med få sjansar og to disiplinerte lag, men få minutt før pause vart Norborg litt for ivrig og mista ballen med mange mann i angrep. Spjelkavik2 var nådelause og slo presist opp på Jonas Ottersen i bakrom. Han sprang frå forsvaret og scora sikkert bak keeper Jann Tore Søvik. Endå verre for Norborg vart det då den gode venstrebacken Per Kristian Grytten Søvik måtte ut med skade like etter. Det vart dermed kostbare sluttminutt av 1. omgang.

2. omgang starta like ille då Spjelkavik2 speler ut Norborg og Peter Røvreit Frostad enkelt sette ballen i nota då han plukka opp ein retur etter stolpetreff. Gjestene fekk etter dette store rom å spele i og berre ein god Jann Tore Søvik hindra fleire mål enn Jonas Ottersen si 0-3 scoring halvvegs ut i omgangen. 16-år gamle Søvik, som fekk sin debut frå start i 5. divisjon vart kåra til Norborg sin beste spelar. Markus Torgersen fekk sjansen til å pynte på resultatet like før slutt, men sette ballen utanfor mål. Dermed enda det 0-3 og fortent bortesiger. Sidan NTNUIÅ har blitt trekt eit poeng og Volda2 tapte sin kamp, så er Norborg framleis på trygg grunn før siste serierunde på torsdag. Då tek Norborg turen til Volda.

Laget: Jann Tore Søvik – Per Kristian Søvik (Lars Mikalsen, 46) (Markus Torgersen, 64), Tobias Jensen (Mikalsen, 90), Anders Toven (Ole Martin Fevåg, 73), Tobias Hellem – Eirik Vågnes, Nicholas Kvammen, Niklas Rekdal (Robin Endré Hånde, 77), Adrian Andrukiewicz, Oliver Gamlem (Steffen Grytten, 64), Tarjei Urkedal (Markus Gunnarsson, 88).