Norborg – Ravn 2-4 (1-2)

Norborg – Ravn 2-4 (1-2)
5. divisjon, Uggedal stadion, 13.06.2024

Sjansar: 7-8

0-1 Teodor Klokset Lilleng (6)
0-2 Nikolas Fjørtoft (27)
1-2 Kristoffer Søviknes (30)
1-3 Nikolas Fjørtoft (str. 61)
1-4 Ole Johan Urke (90)
2-4 Ådne Hellandsvik (95)

Litt manglande klokskap og litt marginar imot førte til tap i nabofeiden mot Ravn på ein regnfull torsdagskveld i Uggedalen. Kampen var totalt sett jamspelt, men Ravn har flyten og eit meir samspelt lag enn Norborg og sikra seg tre nye poeng.

Fru Fortuna er ikkje heilt på Norborg si side denne våren. Like før kampstart måtte den tidlegare eliteseriespelaraen Torbjørn Grytten kaste inn handkledet grunna føling i hamstringen, så starta eit voldsamt regnver som vi tør påstå var til fordel Ravn. Det hjalp heller ikkje at eit innlegg/skot som berre vil gå i mål i maks 1 av 100 tilfelle denne gong gjekk i mål. Kampen var då berre 6 minutt gamal når ungguten Teodor Lilleng få meter frå heimelaget sitt innbytarskur sende ballen mot 16 meteren. Ballen fekk så ein valdsam skru i medvinden og gjekk over keeper Olsen og ned under tverrliggaren til 0-1. Norborg hadde fram til då hatt ballen mest, men etter dette utrulege baklengsmålet fall Norborg sine prestasjonar og Ravn var nær dobling av leiinga i det 13. minutt då Nikolas Fjørtoft dribla seg inn mot mål og sette ballen i stolpen. Norborg kom seg etterkvart til hektene og var nær utlikning etter corner då Jesper Vos heada i tverra. I staden for utlikning var det Ravn som dobla leiinga eit par minutt seinare etter at Norborg ikkje fekk til ei skikkeleg klarering etter corner. Ballen gjekk til slutt til Nikolas Fjørtoft som frå 8-10 meter breisida ballen i mål. Norborg var likevel best i denne perioden av kampen og fekk ei rask redusering då Eirik Vågnes tok med seg ballen inn i 16 og fyrte av. Keeper Arntssen måtte gi retur ut i feltet der Kristoffer Søviknes stod å banka ballen i nota. Berre eit par minutt seinare er same mann nær utlikning, men denne gong diverre ikkje noko nettsus. Kampen roa seg noko inn mot pause og Ravn leia noko heldig 1-2.

Norborg starta 2. omgang best og fekk ein god sjanse etter corner allereie i opningsminuttet, men skotet til Vågnes vart blokkert. Ti minutt seinare skjer så det som ikkje skal skje. Per Kristian Grytten Søvik, som hadde fått gult kort før pause, hindrar ei kontring oppe på midtbana og blir vist sitt andre gule. Dermed raudt kort og Norborg er ein mann mindre. ravn får då ekstra energi, medan Norborg heng med hovudet. Det gir først Ravn ein dobbeltsjanse som Norborg får rydda opp i før ein minuttet seinare får straffe imot på grunn av holding. Vi har vel mang ein gong sett slike situasjonar passere, men straffa kan også forsvarast. Nikolas Fjørtoft sette straffa sikkert i mål. Ravn har etter dette stort sett kontroll på kampen, men ti minutt før slutt glapp det då Oliver Gamlem plutseleg fekk stå heilt åleine innafor 16 meteren. Diverre har han nok lært skotteknikk frå sin far så det gjekk høgt over. Kampen hadde likevel fleire mål i seg. I det vi gjekk inn i overtidsminutta banka Ole Johan Urke inn 1-4 mot klubben han har 382 A-kampar og 106 mål for. Norborg var heller ikkje ferdig for dagen for fem minutt på overtid curla Ådne Hellandsvik inn 2-4 frå 20 meter.

Mål er det som er viktigst i fotball og der var Ravn best. Sjølve kampen var jamnare enn resultatet tilseie, men det hjelp ikkje eit Norborg-lag i poengnaud. No ventar to kampar til før ferien. Først borte mot eit godt Spjelkavik2 og så heime mot eit uforutsigbart Volda2.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Søvik, Elling Mikal Kalvø, Anders Toven, Tobias Hellem (Lars Mikalsen, 20) (Fredrik Hurlen, 46) – Ådne Hellandsvik, Eirik Høivik (Sebastian Vågø, 90), Jesper Vos (Markus Gunnarsson, 84), Eirik Vågnes, Kristoffer Søviknes (Andreas Larsen Beite, 87), Adrian Korsedal (Oliver Gamlem, 75).