Norborg – Giske 1-1 (0-1)

Norborg – Giske 1-1 (0-1)
5. divisjon, Uggedal stadion, 13.05.2024

0-1 Preben Giske Olsen (45)
1-1 Lars Alvestad Mikalsen (56)

Sjansar: 4-5
Cornere: 6-2

Dei frammøtte fekk sjå ein spennande og intens kamp under perfekte speletilhøve på Uggedal stadion måndag kveld. Kampen kunne ha bikka begge vegar og poengdeling var i så tilfelle greit.

Spelande Norborg-trenar Niklas Rekdal hadde tatt med seg fint besøk då far Kjetil Rekdal sporty stilte opp med å hjelpe til frå sidelinja. Noko som var ei flott overrasking for spelarane. Det fysisk sterke mannskapet til Giske opna kampen hakket best, men Norborg sitt forsvar stoppa angrepa som eintydig kom frå Giske si venstreside. Tretten minutt ut i kampen slo Norborg ballen høgt opp og Giske sin keeper Robert Sundby ruste ut og tok ballen med handa. Problemet for Sundby var at han forlatt 16 meteren og dommaren tok opp det raude kortet. Den siste halvtimen av omgangen var temmeleg jamspelt der begge lag hadde sine forsøk. Like før pause hadde Norborg corner, men Giske vann ballen og sette igong ei kontring. Med litt marginar i eit par duellar kom Preben Giske Olsen seg inn i 16 meteren og sette ballen sikkert i nota. Like etter er Giske nær dobling av leiinga, men avslutninga gjekk i stolpen.

Norborg foretok eit par grep til 2. omgang og la eit visst trykk på gjestane. Dryge ti minutt ut i omgangen kom belønninga då Lars Alvestad Mikalsen igjen viste fram sin gode venstrefot og sette eit frispark i mål frå 25 meter skrått ute til høgre. Mikalsen er no delt toppscorar i Norborg med sine to dødballmål. Norborg fortsette å ha ballen mot eit defensivt Giske. Dryge kvarteret før slutt er det eit mirakel at Norborg ikkje fekk ballen i mål etter corner. Fleire forsøk vart stoppa av Giske omtrent på streken. Nokre minutt seinare viste André Larsen fram gamle tekniske kunstner, men skotet frå om lag 16 meter gjekk utanfor.

I kampens sluttfase vart det kaosfotball der Giske var nær igjennom eit par gongar, men comeback-kongen Kjell Terje Brusdal fekk rydda opp i siste liten. I det temperaturen vart stadig høgare valgte dommar Tamimi å blåse av kampen tre minutt på overtid.

Neste kamp for Norborg er borte mot NTNUIÅ på Color Line stadion torsdag 23. mai kl. 20.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Niklas Rekdal, Tobias Jensen, Anders Toven, Tobias Flem Hellem (Lars Mikalsen, 46) (André Larsen, 80), William Jenssen Grytten, Jesper Vos, Ole Kristian Aarseth, Nicholas Kvammen, Tarjei Urkedal (Kjell Terje Brusdal, 6), Ole Martin Fevåg.