Norborg – Emblem 0-0

Norborg – Emblem 0-0
5. divisjon, Uggedal KGB, 05.09.2024

Sjansar: 3-3
Cornere: 0-5

Norborg og Emblem delte poenga i ein høgdramatisk kamp i Uggedalen torsdag kveld der spelande trenar Niklas Rekdal måtte på tribuna like før kampstart, fekk følge av Tobias Hellem like før pause og Torbjørn Grytten vart frakta frå Uggedalen i ambulanse. Sjølve kampen hadde nerve og mange duellar, men få store sjansar.

Dramatikken starta like før kampstart då Emblem viste fram ein e-post frå Sunnmøre fotballkrets at kort frå Bergsøy2 kampane i vår skulle bli ståande sjølv om laget hadde trekt seg frå divisjonen. Norborg trudde at desse korta skulle strykast og at spelande trenar Niklas Rekdal dermed fekk sitt 5. gule kort i sist kamp mot Sykkylven, ikkje sitt 6. (ein soner for 4 gule kort deretter for kvar andre). Emblem gjorde det klart at dersom Rekdal starta kampen så kom dei til å legge inn protest. Norborg kunne dermed ikkje anna gjere enn å stryke Rekdal frå dommarkortet og han måtte ta plass på tribuna. Dagen etter viste det seg at kretsen hadde feilinformert Emblem og at Rekdal var speleberettiga til kampen. Vi veit ikkje korleis utfallet av kampen hadde blitt med Rekdal på bana, men oddsen for siger med ein av sine beste menn hadde sjølvsagt vore større i det som må reknast å vere ein av haustens viktigaste kampar.

Nærmare ti minutt forseinka kom kampen endeleg i gong. Ein kamp som skulle bli prega av mykje kriging og lite fint spel. Før pause noterte vi berre ein målsjanse, men den var i tillegg særs stor. Den oppstod eit kvarter ut i kampen då Kristoffer Søviknes stussa eit innlegg bak mot lengste stolpe der Nicholas Kvammen dukka opp, men som Haaland eit døgn seinare greidde han ikkje å få ballen i nota frå kloss hald. Defensivt hadde Norborg stort sett full kontroll om vi ser bort i frå nokre “nonchalante” episodar som kunne ha ført til farlegheiter. Nokre minutt før pause skdet som ikkje skal skje. Etter eit par tøffe duellar og etterslengar ender Tobias Flem Hellem opp med det raude kortet. Emblem pressa på med mange innlegg, men Norborg haldt unna til pause.

Få minutt ut i 2. omgang måtte keeper Ronald Olsen vise seg frå si beste side då Emblem kontra på si venstreside og kom åleine med keeper. Dette vart Emblem sin største sjanse, for Norborg kriga godt og låg godt organisert omgangen igjennom. Sett bort frå eit par skotforsøk frå gode posisjonar på overtid skapte Emblem særs lite. Norborg gjekk skjeldan i angrep, men når ein først gjekk for det så vart det farleg. Tobias Jensen var nær då han heada eit frispark like utanfor, medan Oliver Gamlem avslutta utanfor etter ei kontring. Dermed enda ein Norborg-kamp mållaus for første gong på over sju år.

Neste kamp er lokaloppgjeret mot Ravn torsdag 12. september kl. 1830 på Ravn stadion. Den kampen går diverre utan Torbjørn Grytten som rauk akillessen midtvegs i 2. omgang. Utruleg synd både for han og laget.

Laget: Ronald Søvik Olsen – William Jenssen Grytten, Tobias Jensen, Anders Toven, Tobias Hellem – Oliver Gamlem, Torbjørn Grytten (Lars Mikalsen, 60) (Markus Søvik Gunnarsson, 76) (Robin Hånde, 87), Ådne Hellandsvik, Nicholas Kvammen, Tarjei Urkedal (Gunnarsson, 89) (Søviknes, 92), Kristoffer Søviknes (Andreas Beite, 87).