Norborg – Blindheim 0-3 (0-2)

Norborg – Blindheim 0-3 (0-2)
5. divisjon, Uggedal stadion, 09.05.2024

0-1 Marius Strand Eikrem (4)
0-2 Kristoffer Iversen Florvaag (31)
0-3 Bjørnar Fjørtoft Johansen (90)

Sjansar: 6-8
Cornere: 7-3

Norborg måtte sjå seg slått heile 0-3 i ein forhaldsvis jamn kamp under fine speletilhøve i årets første graskamp på Grytestranda. Den store skilnaden på laga var framfor mål der Blindheim var langt meir kontant og effektiv.

Norborg fekk ein verst tenkeleg start på kampen. Allereie før 4 minutt var spelt fann Marius Strand Eikrem vegen til nettmaskene via ein Norborg-forsvarar. I dei påfølgande tjue minutta var det heimelaget som skapte sjansane. Vi telte tre store sjansar deriblant ein dobbelsjanse som utruleg nok ikkje enda med mål då Niklas Rekdal kontra på venstresida, finta bort eit par motspelarar, men avslutninga vart for svak og keeper redda. Returen hamna hos Tarjei Urkedal som fekk sitt forsøk meisterleg redda av ein forsvarar til corner.

I staden for utlikning var det Blindheim som dobla leiinga då ballen vart slått i bakrom, keeper Ronald Olsen rykte først ut for å klarere før han angra og stoppa. Då snappa Kristoffer Florvaag ballen, runda keeper og sette den i mål. Etter 0-2 slokna Norborg og Blindheim vart det førande laget det siste kvarteret utan å skape det heilt store før Stian Skaar smelte ballen i tverra minuttet før pause.

2. omgang startar med eit skot i tverra av Blindheim før Norborg vakna litt og prøvde å legge trykk på gjestane. Det vart likevel for mange feilval og ein greidde ikkje å skape det heilt store framfor Blindheim sitt mål. Tarjei Urkedal var den som var nærmast 8 minutt ut i omgangen, men avslutninga var for svak og keeper redda enkelt. Blindheim hadde god kontroll og fekk stadig større rom å kontre i mot eit stadig meir offensivt heimelag. Heile tre gongar var dei igjennom åleine med keeper Olsen, men det var først på det tredje forsøket ein lykkast då Bjørnar Johansen lobba elegant over Olsen og i mål til 0-3. Sjølv om det vart småstygge siffer så var det likevel nivåheving. Ein skapte nok sjansar til å kunne få med seg eit godt resultat mot det som truleg er divisjonens beste lag.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Jensen, Anders Toven, Adrian Andrukiewicz – Niklas Rekdal (Lars Mikalsen, 90), Jesper Vos (Markus Gunnarsson, 93), Ole Kristian Aarseth, Nicholas Kvammen (Ruben Holmeset, 55), William Jenssen Grytten – Tarjei Urkedal (Kvammen. 83), Ole Martin Fevåg.