Brattvåg2 – Norborg 0-3 (0-1)

Brattvåg2 – Norborg 0-3 (0-1)
5. divisjon, Brattvåg KGB, 15.08.2024

Sjansar: 5-7
Cornere: 6-4

0-1 Nikolai Jensen (33)
0-2 Nikolai Jensen (62)
0-3 Niklas Rekdal (71)

Norborg var best framfor kvart mål og tok ein fortent siger i lokaloppgjeret mot Brattvåg2. Nikolai Jensen var heime på ferie frå Bergen og vart den store helten med to mål. Ei frisparkperle frå spelande trenar Niklas Rekdal fastsette resultatet til 0-3.

-Når eg såg lagoppstillinga til Norborg så visste eg at dette kom til å bli vanskeleg. Hadde dei stilt med dette laget i kvar kamp så hadde dei plukka jamt over godt med poeng, sa Brattvåg2-trenar Kristian Søviknes. Norborg hadde nesten heile stallen tilgjengeleg i denne kampen og då oser det av rutine frå divisjonar høgare enn 5. divisjon. Nokon enkel kamp vart det likevel ikkje mot Brattvåg2, som var nære ved å ta leiinga snaue ti minutt ut i kampen då Martin Koch banka ballen i tverra. Norborg sin første sjanse kom halvvegs ut i omgangen då Niklas Rekdal vart lagt i bakken og dommaren peika på straffemerket, men som i sist kamp så er straffespark og Norborg ein dårleg kombo. Eirik Vågnes plasserte nemleg ballen til side for mål. Norborg skulle likevel ta leiinga før pause då Nikolai Jensen var på rett plass og sette ballen inne ved lengste stolpe. Like før pause hindra ei klasseredning frå Ronald Søvik Olsen 1-1 då Magnus Austbø Seth kom seg fri og banka til frå 16 meter. Norborg kunne dermed gå til pause med ei 1-0 leiing i ein jamspelt omgang.

I starten av 2. omgang hadde kvart lag sin store sjanse til å score. Først var Tarjei Urkedal igjennom, men mislukkast med sin lobb. Minuttet etter sette utruleg nok Magnus Seth ballen over mål frå kloss hald. Sympatisk gjort av Magnus å ikkje score mot sin gamle klubb. Der andre bommer, scorer Nikolai Jensen. Etter drøye timen spelt kom Ådne Hellandsvik seg rundt på kant og la inn framfor mål. Der kjempa Jensen til seg ballen og fekk pirka den inn bak keeper. Hellandsvik fekk sjølv ein bra sjanse nokre minutt seinare, men sette ballen utanfor krysset.

Niklas Rekdal var svimmel og kvalm og gjekk ut og inn fleire gongar i denne kampen, men tjue minutt før slutt var han både på bana og ved sine fulle fem då han banka eit frispark frå 30 meter i mål og sørga for 3-0. I det siste kvarteret pressa heimelaget på og kom seg til mange hjørnespark, medan Norborg hadde nokre farlege overgangar der Oliver Gamlem var nærmast med eit skot direkte frå innlegg frå ca. 14 meter. Dermed enda det med 0-3. Same resultat som sist gong Norborg A-lag var i Brattvåg å spelte seriekamp, 2. juli 2010.

Litt ampert etter ein situasjon heilt på slutten av kampen, ellers gjekk dette lokaloppgjeret roleg for seg.

Norborg sin neste kamp er borte mot Giske torsdag 22. august kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Søvik, Tobias Jensen, Anders Toven, Tobias Hellem (Jesper Vos, 78) – Eirik Vågnes (Oliver Gamlem, 78) (Markus Søvik Gunnarsson, 92), Ådne Hellandsvik, Nikolai Jensen, Torbjørn Grytten (Rekdal, 65) (Grytten, 74) (Robin Hånde, 92), Niklas Rekdal (Nicolas Kvammen, 21) (Rekdal, 26) (Kvammen, 51) – Tarjei Urkedal (Andreas Beite, 74) (Kristoffer Søviknes, 87).