Volda2 – Norborg/Brattvåg2 6-1 (4-0)

Volda2 – Norborg/Brattvåg2 6-1 (4-0)
4. divisjon, 20.10.2023

1-0 Thomas-Sander Hole (8)
2-0 Tarjei Meek Lillenes (19)
3-0 Thomas-Sander Hole (20)
4-0 Christian Langlo Schjelderup (45)
4-1 Tor Abelseth (str. 57)
5-1 Jonatan Hovden Ryste (69)
6-1 Asle Rasmus Våge (82)

Norborg/Brattvåg2 har ikkje tatt poeng sidan ein sist møtte Volda2 i siste runde før sommarferien, men denne gong vart eit noko forsterka Volda2-lag for sterke og Norborg gjekk på sitt 11. strake tap i det som var den siste kampen i samarbeid med Brattvåg.

Volda2 skulle sikre plassen i 4. divisjon og stilte med eit godt lag mot Norborg/Brattvåg2. Det fekk dei unge gjestane erfare og etter ein open start der begge lag hadde sjansar, sette Volda2 opp tempoet. 1-0 vart satt i nota av Thomas-Sander Hole etter innlegg. 2-0 kom etter ein lang ball frå keeper til Tarjei Lillenes som scora frå dødlinja. 3-0 kom på ein stikkar i bakrom til Hole som scora sikkert. Med tre raske scoringar var premissa for kampen lagt. Norborg kom meir med i spelet mot slutten av omgangen, men i staden for redusering var det Volda2 sin Christian Schjelderup som sette inn 4-0 på omgangens siste spark.

Norborg gjekk aggressivt til verks etter pause og la press på vertane. Dryge ti minutt ut i omgangen spelte debutant Steffen Voldsund ein stikkar til Tarjei Urkedal som vart felt. Dommar peika på straffemerket. Frå det merket var Tor Abelseth sikker og sette inn redusering til 4-1. Norborg fortsette å dominere, men det var Volda2 som fann mål. 5-1 vart satt inn etter frispark av Jonatan Ryste, medan Asle Våge klinka inn 6-1 frå 20 meter.

Likevel ein god omgang av Norborg og ikkje minst av 17-åringen Steffen Voldsund, som viste kvaliteter offensivt og tok tak defensivt.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Stian Klokk, Tor Abelseth, Elias Seth, Lars Mikalsen -Robert Dulgheru, Jesper Vos, Kevin Kajendran (Marius Dulgheru, 46) (Marius Koch Rogne, 88), Oliver Gamlem, Steffen Voldsund – Tarjei Urkedal (Kajendran, 68).