Norborg/Brattvåg2 – Volda2 2-2 (2-0)

Norborg/Brattvåg2 – Volda2 2-2 (2-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 29.06.2023

1-0 Magnus Austbø Seth (30)
2-0 Martin Koch (44)
2-1 Tarjei Lillenes (81)
2-2 Markus Pedersen (str. 90)

Dette var kampen Norborg/Brattvåg2 trengte å vinne for å ha heng på laga over nedrykksstreken. Det starta også særs lovande. Norborg leverte ein oppløftande 1. omgang og kunne fort ha leia med meir enn 2-0. Tjue minutt ut i omgangen fossa Martin Koch mot mål, men vart felt like utanfor 16 meteren. Dommaren vinka overraskande spelet vidare i staden for å gi frispark og raudt kort. Ti minutt seinare testa Eirik Koppen Vågnes skotfoten, men måtte sjå forsøket gå i tverrliggjaren via ein Volda-spelar til corner. Martin Koch sin corner fann hovudet til Magnus Austbø Seth som sette ballen i nota til 1-0.

Ti minutt seinare burde heimelaget ha dobla leiinga på ein trippelsjanse. Først måtte Vågnes sjå sitt skot bli redda av keeper, returen gjekk i beina til Seth som sette ballen i stolpen, før Koch sitt forsøk vart redda på strek av ein Volda-spelar. Volda2 kontra og var nær utlikning på eit skot fra 16 meter. Minuttet før pause fekk Norborg frispark på 20 meter. Det frisparket sette Martin Koch via mur og i mål til 2-0. Omgangen var jamn i banespel, men med eit overtal i sjansar av Norborg.

Etter pause tok Volda2 gradvis over spelet mot eit heimelag som diverre etter kvart gjekk i oppløysing. Tarjei Lillenes reduserte til 2-1 knappe ti minutt før slutt. Volda2 fortsette å presse på og fem minutt på overtid fekk dei tildelt eit billeg straffespark. Frå kritmerket gjorde Markus Pedersen ingen feil og sette inn 2-2. Eit frykteleg bittert og unødvendig poengtap av heimelaget.

Norborg/Brattvåg2 tek dermed ferie på 11. plass med 5 poeng, 7 bak Hareid på 10. plass. 11. plassen er ein viktig plass sidan dette gir ståplass om Spjelkavik og Hødd2 held seg i 3. divisjon og 4. divisjonsvinnaren på Sunnmøre rykker opp. Rykker Volda ned frå 3. divisjon, er det Volda2 som må ned til 5. divisjon.

Neste kamp er heime mot Langevåg 11. august kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik (Tobias Jensen, 75), Elias Austbø Seth, Anders Toven, Stian Fjørtoft Klokk (William Jenssen Grytten, 85) – Noah Lausund Klokk (Fredrik Hurlen, 81), Igor Leonov (Vågnes, 82), Eirik Koppen Vågnes (Adrian Korsedal, 62) – Magnus Otterlei (Henrik Hurlen, 81), Magnus Austbø Seth, Martin Koch (Robert Dulgheru, 85).