Norborg/Brattvåg2 – Langevåg 0-2 (0-1)
4. divisjon, Uggedal KGB, 11.08.2023
0-1 Haakon Sværen (7)
0-2 Christian Blomvik (58)
To enkle feil på eigen banehalvdel med påfølgjande scoring var skilnaden på laga i Uggedalen fredag kveld. Langevåg sitt første mål kom berre sju minutt ut i kampen etter at Norborg hadde frispark midt på eigen halvdel. Frisparket vart slått kort og ein Langevåg-spelar snappa opp ballen og spelte ein stikkar til Haakon Sværen som scora sikkert bak keeper Geir Roar Gamlem, som gjorde sin første kamp for Norborg sidan 2016.
Langevåg skapte eit par sjansar til å auke leiinga den første halvtimen før Norborg heva seg inn mot pause. Både Fredrik Hurlen, Eirik Vågnes og Robert Dulgheru, som avslutta i stolpen, hadde sine sjansar til å utlikne. Dulgheru sitt stolpetreff fem minutt før pause kom i angrepet etter at Langevåg sin Sigurd Holen trefte krysset.
Norborg kom ut med friskt mot etter kvila, men like før timen spelt vinn Christian Blomvik ballen framfor 16 meteren etter ei mislykka dribling. Blomvik takka for sjansen og klinka ballen oppe ved krysset. Dette var den einaste skikkelege sjansen Langevåg skapte etter pause. Norborg hadde eit par sjansar til å skape ny spenning ved Ruben Holmeset, som var tilbake etter langvarig skade og spelte sin første kamp på 2 år, samt Tor Abelseth som sette sin sjanse over mål etter corner.
Neste kamp er borte mot SIF/Hessa torsdag 17. august.
Laget: Geir Roar Gamlem – Stian Fjørtoft Klokk (Anders Toven, 60), Tor Abelseth, Elias Austbø Seth (William Grytten, 90), Amund Møllerhagen – Eirik Koppen Vågnes, Ådne Hellandsvik, Noah Lausund Klokk – Martin Fylling Koch, Fredrik Hurlen (Kjell Terje Brusdal, 79), Robert Dulgheru.