Norborg/Brattvåg2 – Hareid 0-1 (0-0)

Norborg/Brattvåg2 – Hareid 0-1 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 08.09.2023

Sjansar: 2-9
Cornere: 1-8

0-1 Petter Haddal Worren (89)

Norborg kjempa hardt mot Hareid og såg lenge ut til å klare eit poeng, men like før slutt klinka Petter Haddal Worren inn eit frispark frå 25 meter og sørga for at alle poenga vart med til Hareid.

Norborg slit framleis med mannskapsmangel, men fekk til denne kampen Tobias Jensen heim frå Bergen og eit comeback av Elling Mikal Kalvø. Det gav meir defensiv styrke utan at keeper Ronald Søvik Olsen vart arbeidsledig av den grunn. Hareid var nemleg det førande laget og skapte nok sjansar til å score fleire mål, men ein god Olsen haldt Norborg inne i kampen. Norborg fekk sine ballvinningar på midten, men evna diverre ikkje i å omsette desse til farlege kontringar. Det var i det heile noko passivt over Norborg sitt angrepsspel.

Etter at Hareid hadde skapt fleire gode sjansar dei første 80 kom Robert Dulgheru seg til to brukbare sjansar i det 81. og det 86. minutt, men den første avslutninga vart blokkert til corner og den andre gjekk like utanfor. I stedet vart det 0-1 på frispark ved Petter Haddal Worren og full jubel i Hareid-leiren. Etter spel og sjansar så var dette fortent, men akk so bittert for eit hardt prøva Norborg-lag.

Norborg si komande oppgåve er borte mot botnkollega Blindheim fredag 15. september kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Stian Fjørtoft Klokk, Tor Abelseth, Elias Austbø Seth, Kjell Terje Brusdal – William Jenssen Grytten, Elling Mikal Kalvø (Lars Mikalsen, 69), Jesper Vos (André Larsen, 82), Tobias Jensen, Robert Dulgheru – Viktor Tomic (Kalvø, 85).