Blindheim – Norborg/Brattvåg2 6-0 (3-0)

Blindheim – Norborg/Brattvåg2 6-0 (3-0)
4. divisjon, Blindheim KGB, 15.09.2023

1-0 Lukas Slyngstadli (1)
2-0 Peter Røvreit Frostad (8)
3-0 Lukas Slyngstadli (45)
4-0 Lukas Slyngstadli (54)
5-0 Peter Røvreit Frostad (79)
6-0 Bjørnar Fjørtoft Johansen (90)

Det var eit reelt bunnoppgjer på Blindheim Stadion mellom Blindheim og Norborg/Brattvåg2. Det var eit lag som skulle gå ut og ta kommandoen, og det var heimelaget. Før dei tilreisande hadde fått tatt eit åndedrag stod det 2-0 etter ein dødball og passivt press. Heimelaget hadde ikkje tenkt å la nokon få eit kvileskjær. Norborg/Brattvåg2 kom riktig nok meir med i kampen etter at Blindheim hadde to store moglegheite til å auke leiinga. I midtperioden bølga det litt meir fram og tilbake, og Anders Toven satt inn redusering. Dog meinte dommaren at Tarjei Urkedal hindra keeper, så målet blei underkjent. I staden var det siste som skjedde i omgangen ein dødball for Blindheim. Corner havna på bakre, ballen blei hedda inn igjen og Lucas Slyngstadli brasset ballen vidare opp i lengste hjørnet, 3-0 og pause.

Norborg hadde mykje meir ball i 2.omgang, utan at det skulle lukkast. Tor Abelseth og Anders Toven hadde moglegheita til å sette inn kvar sine reduseringer, men Blindheim var dødeleg effektiv i 2.omgang. 4-0 kom etter at Ronald Olsen måtte gi retur, og ein Blindheimspelar kunne spasere den i mål. 5-0 og 6-0 kom i sluttminutta, der den siste kom etter eit langt innkast.

Det var ikkje dagen for Norborg/Brattvåg2, så blei rett smadra resultatmessig, det blei ein dag der alt som kunne gå gale gjekk gale. Høgreback Anders Toven var banens beste, og Norborgs farlegaste med fire gode moglegheiter til å redusere. Eit av forsøka var eit femtimeters dribleraid.

Laget: Ronald Olsen (Viktor Tomic, 70) – Anders Toven (Kevin Kajendran, 65), Tor Abelseth, Elias Seth (Kjell Terje Brusdal, 60), Stian Klokk (Lars Mikalsen, 85) – Jesper Vos, Tarjei Gjerset Urkedal (Andre Larsen, 85), Ivan Håvik – William Jenssen Grytten, Elling Kalvø, Robert Dulgheru.