Bergsøy – Norborg/Brattvåg2 8-1 (1-1)

Bergsøy – Norborg/Brattvåg2 8-1 (1-1)
4. divisjon, Havila Stadion, 06.10.2023

1-0 Enrique Søvik (16)
1-1 Tor Abelseth (18)
2-1 Junior Tombini (46)
3-1 Enrique Søvik (55)
4-1 Enrique Søvik (62)
5-1 Nils-Erik Engen (77)
6-1 Bendik Frøysa (80)
7-1 Enrique Søvik (84)
8-1 Enrique Søvik (88)

I ein tøff bortekamp reiste ein purung tropp for å ta opp kampen mot hardtsatsande Bergsøy. Før kampen hadde komme i gong hadde innbytterskuret vi skulle sitte i, blåst over ende. Dog, det skulle ta tid før Bergsøy skulle blåse oss overende.

1.omgang blei som forventa, eit Bergsøytrykk, medan vi forsøkte på kontringar. Ingen fekk sjokk når eit innlegg traff Crespo Søvik og stanga inn 1-0. Eit større sjokk på stadion blei det når Norborg kom framover, og fekk til ei god avslutning frå distanse. På returen er debutant Mathias Sønderland først, og blir felt av Bergsøy sin keeper. Straffe fekk Norborg, og den skulle Tor Abelseth ta. Han sikta mot venstrehjørnet, der keeper også låg langstrakt etter, men sjølv om keeperen fekk tuppane på den, gjekk den inn og 1-1!

Omgangen blei prega av vinden, og lite gunstig for Bergsøy å vere direkte i stilen. Det gjorde at Norborgguttane måtte jobbe mykje med forflytting og dekke rom langs bakken. Det gjorde dei storarta, og leverte en av dei beste defensive omgangane i 2023. 1-1 til pause, og godfølelse etter ein lang tur.

2.omgang blei ein derimot blåst av banen. Ein tidleg corner blei skrudd rett i mål i medvinden, og 3-1 kom kort tid etter. Det blei vanskeleg når ein Bergsøyspelar tok med ballen med handa, og klinka den i mål. Då blei det mykje for dei unge gutane på Bergsøy Stadion. Ein evna ikkje i like stor grad og pumpe ut, og det gjekk lenger mellom kvar gong ein kom over midten. Bergsøy la heller ingenting i mellom, og ga seg ikkje før det stod 8-1 og berre to bytte. Det blei ei tøff affære i 2.omgang, og skadesituasjonen blei ikkje betre at Kevin Kajendran måtte ut til pause. Det blei to nye debutantar i Mathias Sønderland, og grytastrandingen Kai Kitsadakon.

Laget: Ronald Olsen – William Grytten Jenssen, Tor Abelseth, Elias Seth, Stian Klokk – Kai Kitsadakon, Kevin Kajendran (Lars Mikalen, 45), Kjell Terje Brusdal (Marius Dulgheru, 70), Ivan Håvik, Robert Dulgheru – Mathias Sønderland.