SIF/Hessa – Norborg/Brattvåg2 1-2 (1-0)
4. divisjon, Skarbøvik stadion, 13.05.2022
Sjansar: 10-10
Cornere: 9-3
1-0 Mathias Kristensen Sandø (14)
1-1 Anders Toven (55)
1-2 Thomas Aarsund (str. 64)
Norborg/Brattvåg2 slo tilbake etter nedturen mot Blindheim sist veke og vann 1-2 borte mot SIF/Hessa i det som var Norborg sin seriekamp nr. 1000 sidan starten i 1968. Det starta likevel ikkje så bra for oransjetrøyene i denne kampen. Etter at begge lag hadde hatt sine forsøk i opningsminutta gjorde Mathias Sandø 1-0 for heimelaget eit kvarter ut i kampen då Sondre Kjølsøy kom seg rundt på høgrekanten og la flatt inn til Sandø som putta frå kloss hald.
Norborg var farleg frampå både ved Tor Abelseth og Eirik Vågnes det komande kvarteret, men utan resultat. Heimelaget vær nær dobling på corner då ein SIF-spelar raga høgast i feltet, men keeper Olsen reagerte raskt og fekk slått ballen i tverra. Laga gjekk dermed til pause med 10 til heimelaget i ein jamn omgang der det med marginar kunne ha blitt fleire mål enn det eine som kom.
Heimelaget var mest på hogget dei første fem etter pause, men keeper Ronald Søvik Olsen tok fram det beste i seg og hindra mål. I staden var det Anders Toven som heada inn utlikn etter corner av Martin Fylling Koch. Norborg var no på hogget og nokre minutt seinare peikar dommar på straffemerket etter at ein SIF-spelar handsar i straffefeltet. Thomas Aarsund sette straffa sikkert i mål.
SIF/Hessa gjekk lenger fram i bana etter 1-2. Noko som ga Norborg fleire kontringssjansar og raske Martin Fylling Koch ga heimelaget mykje trøbbel, men Koch hadde ikkje i denne kampen ikkje den nødvendige presisjonen i avslutningane sine. Heimelaget kom seg også til nokre store sjansar og fleire cornere i sluttminutta, men keeper Olsen hadde verkeleg bestemt seg for at i seriekamp nummer 1000 skulle alle poenga med heim og stod som ein vegg. Dermed tre herlege slitepoeng heim til Haramshalvøya. Trenar Marius Rogne var sjølvsagt ein glad mann etter kampen: – Godt å slå tilbake med tre poeng. Vi er ikkje strukturert nok i 1.omgang sjølv om vi skaper nokre gode sjansar. Vi finn tilbake til vår “fighting spirit” utover i kampen og kjempa inn sigeren. Så er det berre å takke vår bestemann Ronald Olsen for at han gjer det mogeleg for oss å ta sigeren. Heia Norborg, sa trenar Marius Rogne etter kampen.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Jesper Vos (Per-Kristian Grytten Søvik, 75), Anders Toven, Tor Abelseth, Tobias Flem Hellem (Tobias Jensen, 75) – Thomas Aarsund, Ådne Hellandsvik, Igor Leonov – Eirik Vågnes (Ivan Håvik Berntsen, 83), Per Kristian Helle Hildre (Henrik Otterlei Hurlen, 83), Martin Fylling Koch (Vågnes, 88).
*** Ronald Søvik Olsen
** Ådne Hellandsvik
* Tor Abelseth
Norborg si startoppstilling i seriekamp nr. 1000: Per Kristian Helle Hildre, Anders Toven, Thomas Aarsund, Eirik Koppen Vågnes, Tobias Flem Hellem (debutant i 4. div.), Martin Fylling Koch, Igor Leonov, Ådne Hellandsvik, Jesper Vos, Ronald Søvik Olsen og kaptein Tor Juul Abelseth.
Ronald Søvik Olsen var Norborg sin bestemann.