Norborg/Brattvåg2 – Larsnes/Gursken/Gjerdsvika 1-1 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 01.07.2022
Sjansar: 9-8
1-0 Eirik Koppen Vågnes (16)
1-1 Junior Tombini (17)
Heimelaget var nok mest skuffa over å ikkje ha tatt alle poenga i denne kampen. For sjølv om kampen var jamspelt så hadde Norborg dei klaraste målsjansane, men trass fleire gongar åleine med gjestekeeperen så vart det berre med det eine målet til Eirik Koppen Vågnes.
Gjestane frå Sande ligg sist på 4. divisjonstabellen, men har styrka laget vesentleg dei siste vekene og stod med to strake sigrar før kampen i Uggedalen. Gjestane skapte også det meste framfor mål det første kvarteret der både Jens Winsnes og Frants Mork hadde sine sjansar.
Eit kvarter ut i kampen varta Norborg opp med eit strålande angrep. Thomas Aarsund spelte til Eirik Koppen Vågnes, som spelte trekant med Ådne Hellandsvik og vipps var han åleine med keeper. Vågnes gjorde her ingen feil og trilla ballen sikkert forbi det som seinare skulle bli kampen sin store spelar, keeper Antonio Belenguer.
Gleda varte ikkje lenge for heimelaget. Gjestane gjekk etter avspark direkte i angrep og skaffa seg corner. Den vart slått presist på hovudet til LGG sin andre spanjol, midtstoppar Junior Tombini, som kontant heada ballen i nota til 1-1. Etter hektiske 17 minutt roa kampen seg og det vart mest stillingskrig. Heimelaget burde dog ha scora då Magnus Otterlei vart spelt fri i bakrom, men avslutninga gjekk like utanfor. Uavgjort ved pause var totalt sett greitt.
Etter kvila burde Norborg ha avgjort kampen i sin favør etter fleire kontringssjansar. Heile tre gongar var oransjetrøyene åleine med keeper, men korkje Magnus Otterlei ved to høve, eller Per Kristian Helle Hildre greidde å overliste keeper Belenguer. På overtid så kunne også det eine poenget ha gått tapt då det vart kaos framfor Norborg-målet etter ein corner, men etter ein fekk til slutt rydda opp.
Norborg tek sommarferie med 11 poeng på 11 kampar og ein 8. plass på tabellen. Første kamp etter ferien er heime mot Bergsøy fredag 12. august.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Jensen, Nikolai Jensen, Tor Abelseth, Tobias Flem Hellem – Eirik Koppen Vågnes (Igor Leonov, 83), Thomas Aarsund, Ådne Hellandsvik (Per Kristian Grytten Søvik, 90) – Magnus Otterlei, Per Kristian Helle Hildre (Henrik Otterlei Hurlen, 69), Martin Koch.
*** Eirik Koppen Vågnes
** Thomas Aarsund
* Tor Abelseth