Norborg/Brattvåg2 – Emblem 5-1 (0-0)

Norborg/Brattvåg2 – Emblem 5-1 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 28.04.2022

0-1 Daniel Stensøe (str. 47)
1-1 Martin Fylling Koch (63)
2-1 Martin Fylling Koch (68)
3-1 Sjølvmål (79)
4-1 Eirik Koppen Vågnes (82)
5-1 Martin Fylling Koch (90)

Sjansar: 9-3
Cornere: 6-3

Det var lenge jamt på Uggedalsmatta torsdag kveld, men den siste halvtimen fann heimelaget fram gladfotballen og sendte gjestane heim med stortap. Norborg/Brattvåg2 har dermed fått ein god start på sesongen med fire poeng på i utgangspunktet to tøffe kampar.

Keisamt før pause
Dei tilstedeverende og smp.no sine sjåarar var vitne til ein sjansefattig 1. omgang der laga var meir opptatt av å gjere ein solid innsats defensivt enn å storme i angrep. Heimelaget hadde totalt mest å vise til offensivt, men greidde ikkje å skape dei klare målsjansane. Tobias Jensen forsøkte seg tidleg med eit skot frå distanse då keeper var på halvdistanse, men ballen gjekk like over. Thomas Aarsund var berre ei svak berøring frå kome seg til ein stor sjanse, medan Magnus Otterlei ikkje viste seg som luftens baron då han heada eit innlegg rett i klypene på keeper. Emblem på si side tok ikkje vare på eit par overgangar og dødballar dei fekk og var temmeleg tannlause.

Tøff start før Koch vakna
Norborg/BIL2 fekk ein tøff start på 2. omgang då ein Emblem spelar gjekk i bakken etter 10 sekund og dommar peika på kritmerket. Daniel Stensøe sende keeper Arntsen feil veg og sette straffa sikkert i nota. Oransjetrøyene tok etter dette meir og meir over banespelet og fekk ei fortent utlikning då Per-Kristian Helle Hildre fann Martin Fylling Koch på 13 meter. Han la ballen til rette og sette den presist inn ved venstre stolpe. Fem minutt seinare fekk vi kanskje sjå årets mål i Uggedalen då Hildre sitt innlegg vart smokka i mål på heil volley frå 15 meter av Koch. 2-1, og Norborg/BIL2 hadde fått kampen inn i sitt spor.

To raude og vekk med dei
Like etter målet storma heimelaget igjen i angrep og Henrik Nedregotten Larsen mått bruke ulovlege middel for å stoppe angrepet. Dommar drog opp det gule kortet og med eit gult frå før vart Larsen utvist. Det likte Erik Dahlberg særs dårleg og reagerte med så sterk språkbruk at han vart vist det raude kortet. Emblem yppa seg litt etter utvisningane og vart snytt for straffespark eit kvarter før slutt, men dommar vinka spelet vidare. Heimelaget kom seg så til hektene etter desse kaosminutta og putta tre mål i sluttminutta. Ført sende ein Emblem-spelar ballen i eige mål etter eit innleg frå Koch. Så sette Eirik Koppen Vågnes inn 4-1 etter nok eit innlegg av Koch før Koch sjølv sprang frå Emblem sitt forsvar og scora åleine med keeper. Målet kom etter at Emblem hadde corner og ei klarering fann Stian Fjørtoft Klokk som igjen fann Koch som lurte to mann og sprang 50 meter før han putta. Ei perfekt avslutning på ein god 2. omgang av Norborg/Brattvåg2.

Norborg/Brattvåg2 skal ut i ny heimekamp torsdag 5. mai kl. 1830. Då er det Emblem sin nabo Blindheim som møte til dyst.

Laget: Sander Arntsen – Ådne Hellandsvik, Anders Toven, Tor Abelseth, Jesper Vos – Thomas Aarsund, Tobias Jensen (Igor Leonov, 64), Eirik Koppen Vågnes (Stian Fjørtoft Klokk, 82) – Per-Kristian Helle Hildre (Henrik Otterlei Hurlen, 84), Martin Fylling Koch, Magnus Otterlei (Lars Alvestad Mikalsen, 86).